HJORTEPROBLEM: I fjor vart det sett opp eit hjortegjerde rundt halve gravplassen i håp om at det skulle vere nok. Det viser seg at hjorten er smart nok til å gå rundt, så no vil ein gjerde inn heile Farnes nye kyrkjegard. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HJORTEPROBLEM: I fjor vart det sett opp eit hjortegjerde rundt halve gravplassen i håp om at det skulle vere nok. Det viser seg at hjorten er smart nok til å gå rundt, så no vil ein gjerde inn heile Farnes nye kyrkjegard. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil gjerde inn heile kyrkjegarden for å stenge hjorten ute​

Hjorten fann raskt ut at berre halve kyrkjegarden var stengt av og heldt fram med å beite på blomar.

Årdal: I desember i fjor vedtok formannskapet å gå inn for å stenge av halve området opp mot steinura. «Er dyra så dumme?» lurte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) på då. Svaret på det spørsmålet har vist seg å vere nei. 

No søkjer Årdal kyrkjelege fellesråd om å få setja opp eit gjerde rundt resten av gravplassen.

– Det har synt seg at eit trinn to på hjortegjerdet på Farnes nye kyrkjegard er naudsynt for å halde dyra borte frå kyrkjegarden, skriv fellesrådet i eit brev til kommunen, der dei ber om at arbeidet vert sett i gong snarast. 

Forsyner seg av blomar

Bakgrunnen for at berre vart sett opp gjorde rundt halve gravplassen i første omgang var rett og slett fordi dette ville sjå betre ut. Håpet var at hjorten ville gi seg med det, men i staden har dyra gått rundt og forsynt seg av blomar slik som før.

Kostnaden for å setja opp gjerde rundt resten av gravplassen er på om lag 100.000 kroner, og det er foreslått at viltfondet dekkar 20.000, at 40.000 vert henta frå posten tilfeldige utgifter og inntekter, medan fellesrådet tar dei resterande 40.000 kronene. 

Saka skal til handsaming i formannskapet tysdag. 

Fellesrådet hadde eit mindreforbruk på 200.000 kroner i 2015, men desse pengane skal nyttast til vedlikehald og service, som tidlegare har blitt nedprioritert.

– Det kan nemnast at ein har hatt vedlikehald på akustikkanlegget i Farnes med utlegg på 90.000 kroner. Lydanlegget i Årdal kyrkje må òg skiftast ut, og der vert kostnadane på om lag 15.000 kroner. Me får òg ein stor kostnad på reparasjon av motoren på døra mellom kyrkjerommet og kyrkjelydssalen i Farnes. 

Til toppen