NYE TONAR: Før har mantraet vore å sjå framover. No er politikarane samde om at dei må granske forhistoria til konfliktane for at tilliten til barnevernet skal bli gjenoppretta. 
NYE TONAR: Før har mantraet vore å sjå framover. No er politikarane samde om at dei må granske forhistoria til konfliktane for at tilliten til barnevernet skal bli gjenoppretta. 

Vil ha alle korta på bordet: – Vi ser ikkje noko anna verkemiddel

Politikarane i Sogndal har innsett at Sogn barnevern ikkje kan sjå framover før dei har fått nøsta opp i fortida.

Sogndal: Måndag vedtok formannskapet i Sogndal å sette i gang ei ekstern gransking av Sogn barnevern. Målet er å finne ut kvifor konfliktar fekk prege arbeidsplassen heilt sidan starten i 2008.

– Vi ønskjer å få vite kvifor det har tatt så lang tid å få orden på arbeidsmiljøet i barnevernet. Det er eit stort spørsmål. I den samanhengen er det òg naturleg å få vite kva som er årsaka til at problema starta, seier varaordførar Laura Kvamme (Sp).

Les også: No skal dei endeleg få fram svara alle ventar på
Les også: Her er gjengen som skal gjenreise tilliten til barnevernet

TRIST HISTORIE: Sogn barnevern held til i andreetasje på helsehuset i Sogndal. Sidan skipinga i 2008 og fram til i fjor var tenesta prega av så alvorlege konfliktar at det tidvis gjekk ut over helsa til dei tilsette.
TRIST HISTORIE: Sogn barnevern held til i andreetasje på helsehuset i Sogndal. Sidan skipinga i 2008 og fram til i fjor var tenesta prega av så alvorlege konfliktar at det tidvis gjekk ut over helsa til dei tilsette.

Fortida fram i lyset

Lenge har mantraet til politikarane vore det motsette. Det har handla om å gje barnevernet arbeidsro. Om å framsnakke tenesta. Om å ikkje røske opp i gamle feider. Om å la fortida vere og heller sjå framover.

Utan at det har gitt ønska effekt. No er tonen til dei folkevalde ein annan.

– Eg er veldig samd i at dei som jobbar i barnevernet treng ro rundt arbeidet. Men eg trur ikkje dei får den roa før vi har fått meir kunnskap om kva som har skjedd, korleis det kunne skje og kva vi kan lære av det framover, seier Vibeke Johnsen (SV).

FEKK OMVISING: Før vedtaket om å starte granskinga var formannskapet på besøk hos barnevernet. Dei tilsette, nesten alle av dei heilt ferske, melder at dei trivst på jobb.
FEKK OMVISING: Før vedtaket om å starte granskinga var formannskapet på besøk hos barnevernet. Dei tilsette, nesten alle av dei heilt ferske, melder at dei trivst på jobb.

Hentar inn auge utanfrå

Eit samla formannskap kom til den same konklusjonen. Sjølv om det fort kan bli ein opprivande prosess, følte politikarane dei var komne til eit punkt der dei ikkje lenger hadde noko anna val.

– Vi ser ikkje noko anna verkemiddel. Er det ei anna løysing som skal til, så har vi ikkje greidd å finne ho. Vi trur vi er nøydde til å få nokon heilt utanfrå til å kikke oss i korta, seier Laura Kvamme.

Les også: Fylkesmannen la fram funn i nytt tilsyn av Sogn barnevern

Tidlegare på dagen hadde politikarane vore på besøk hos barnevernet. Rita Navarsete i Framstegspartiet var lettare sjokkert over å få høyre at konfliktane har røter heilt tilbake til skipinga. Ho meiner det er på høg tid at trolla får sleppe ut i sola.

–  For at dei tilsette skal få ro arbeidskvardagen, så må dette nøstast opp i, seier ho.

Lover innbyggjarane svar

Det er kontrollutvalet i kommunen som skal styre granskinga, men ho vil bli utført av ein eller fleire eksterne aktørar som dei vel å kjøpe inn. Granskinga skal omfatte leiarar, tilsette og vernetenesta på alle nivå og inkluderer òg dei mange som har slutta. Viss dei vil stille seg til disposisjon.

– Eg tek det for gitt at dei som har den eksterne gjennomgangen vil prøve å få stemmmene til dei som har slutta. Men vi kan jo ikkje påleggje dei å stille, seier Kvamme.

Les også: SV ber om ekstern vurdering av leiinga i barnevernet

Politikarane har merka seg at saka har stor almenn interesse. Barnevernet betyr mykje for mange og folk ventar svar på korleis det kunne gå så gale. Det svaret kan dei folkevalde langt på veg love.

– Eg håpar dei skal få alle svar. Eg vil at alt skal komme fram, seier Rita Navarsete. 

– Ved å setje i gang ei slik gransking, som jo kan verte ei belasting for enkelte, så gjer vi det fordi vi skal byggje opp att tilliten til Sogn barnevern, seier Kvamme.

Til toppen