Høyanger: – Slik økonomien er no, må vi sjå på alle utgifter. Medlemskapet i Sogn regionråd kostar kring éin million kroner, og vi må vurdere dette i denne samanhengen. Slik utviklinga har vore i det siste, har vi blitt meir og meir avskorne frå samarbeid med Indre Sogn, seier varaordførar i Høyanger, Geir Helge Østerbø (Sp).

Vil ha debatt om medlemskapet i Sogn regionråd
Varaordførar Geir Helge Østerbø (Sp) meiner Høyanger kommune må sjå på om dei framover vil få nok att for pengane ved å vere med i regionrådet.