Vil ha eigen handlingsplan som førebygg seksuelle overgrep

Vil ha eigen handlingsplan som førebygg seksuelle overgrep

Sandra Opheim (MDG) fekk gjennomslag for å ha ein eigen handlingsplan som skal førebyggja og avdekka seksuelle overgrep.

Årdal: Då dei folkevalde skulle handsame saka om vidare drift av overgrepsmottaket i Førde, fremja Dei Grøne-politikaren også eit forslag om ein eigen handlingsplan for førebyggjing og avdekking av seksuelle overgrep. Denne skal prioriterast innan utgangen av 2017.

Då låg det allereie inne eit punkt om å prioritere ein handlingsplan for vald i nære relasjonar i tilrådinga, men Opheim meinte det måtte to planar til. Det var i formannskapet førre veke at ho kom med framlegget.

– Å oppleva seksuelle overgrep eller vald frå personar du har nær relasjon til, er belastande og kan gi redusert livskvalitet, så å førebyggja og avdekke slike overgrep er viktig, sa ho. 

Sjå heile debatten i videoen øvst i artikkelen.

– Miljøpartiet Dei Grøne er oppteken av at alle ungar skal beskyttast mot vald og seksuelle overgrep. Det krev mykje å sjå og hjelpa desse ungane. Her gjer mange som jobbar med barn og unge i kommunen ein viktig jobb allereie.

– Angår dei fleste av oss

Opheim la til at MDG meiner kommunen treng to handlingsplanar som sikrar at kommunen jobbar systematisk og godt med desse tema. Dette var samtlege samde med ho i, mellom anna Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

– Eg har sjølv erfaring i min familie med seksuelle overgrep mot barn. Eit nært familiemedlem av meg vart seksuelt misbrukt som liten. Han øydelagde livet hennar, og ho er ikkje med oss i dag. 

– Dette skal me ikkje tiga ihjel. Det er viktig at me snakkar om det og at kommunen har handlingsplanar for korleis ein skal handtere det. Det er mange av oss som anten har opplevd dette sjølv eller kjenner til hendingar, så dette angår dei fleste av oss. 

Brei semje

Hilde Horpen (Sp), Kurt Jevnaker (V) og Knut Arne Klingenberg (H) var alle samde om at dette er eit tilbod som er viktig å bevare i fylket. 

– Eg føler det er på høg tid at ein kjem i gong med dette. Det kom innspel på dette tilbake i 2011 og 2012, men då fekk me det ikkje til. Når ein først skal gjere dette, er det viktig med brei involvering slik at me får gode planar og tek vare på ungane, sa Klingenberg.

Støttar opp om overgrepsmottaket

Dei folkevalde sa også ja til bli med på vidare drift av overgrepsmottaket i Førde. Sidan 2012 har Årdal delteke i det interkommunale mottaket som er drifta av Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt. 

Årdal betalar 80 000 kroner for å vera med. Overgrepsmottaket si framtid har vore uviss ei stund fordi kommunane ikkje har blitt samde om ein avtale for vidare drift. Fredag skriv NRK at overgrepsmottaket er berga. 

– Det ser ut til at det blir ein realitet med eit felles overgrepsmottak. Helse Førde og kommunane i fylket samarbeider om å løyse tenestene. Det som gjeld seksuelle overgrep kunne spesialisthelsetenesta teke seg av sjølv, men me ser at det er visse fordelar at tenesta blir samla ein stad, seier samhandlingsjef Vidar Roset til NRK

Årdal sluttar seg dermed til ei felles løysing i 2016, men med krav om revisjon av kostnadsførdelinga basert på ei konkret saksfordeling mellom overgrepssaker og valdssaker i 2016. 

Kommunen stiller også atterhald om at kostnadane for kommunane ikkje vert auka utover det framlagde forslaget i 2016. Tiltaket vert dekka inn i revidert budsjett 2016.

Til toppen