EL-BIL: Hilde Horpen (Sp) vil gjera det lettare for folk å velja el-bil ved å byggja ladestasjonar i sentrumsområde, samt få det offentlege til å bruka el-bil. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
EL-BIL: Hilde Horpen (Sp) vil gjera det lettare for folk å velja el-bil ved å byggja ladestasjonar i sentrumsområde, samt få det offentlege til å bruka el-bil. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil ha el-bilar i heimetenesta

Hilde Horpen og Senterpartiet meiner Årdal kommune burde leggja betre til rette for el-bil.

Årdal: – Me i Årdal Senterparti ønskjer å ha ladestasjonar for el-bil i sentrumsområda. Me meiner det er eit godt og framtidsretta tiltak. Me ønskjer også at heimetenesta og andre offentlege etatar som brukar bilar i jobben kan ta i bruk el-bil, seier Horpen.

El-bil har stadig blitt eit meir populært alternativ til «vanlege bilar», men i Utkant-Noreg er ikkje dette like enkelt. Per 15. juli i år var det seld 307 el-bilar i Sogn og Fjordane. 

Ei viktig årsak til det er sannsynlegvis mangelen på ladestasjonar, meiner Senterpartiet. 

– Det kjem ikkje el-bilar utan ladestasjonar, og då må ein leggja til rette for det, seier leiar i partiet Aleksander Øren Heen.

Sparar pengar på drivstoff

Årdal kommune, som per i dag finn seg i ein Robek-situasjon, vil kunne spare pengar på drivstoff dersom el-bilar blir innført som tenestebilar, meiner han.

Horpen peikar også på miljøgevinstar ved dette tiltaket.

– Me er kjend med klimaproblema nasjonalt sett, og me meiner det er viktig å byrja i det små, og då er Årdal ein naturleg stad å byrja. I framtida blir det fleire el-bilar, og då er det viktig at ein kan leggja til rette for det, seier ho.

– Korleis skal kommunen finansiera dette?

Finansiering

– For å finansiera dette har me blant anna klimafondet til kommunen, og så har du Årdal Energi som kan vera med, samt andre tiltak me kan søka støtte frå hjå staten, seier ho.

Heen utdjupar at kostnaden med ladestasjonar er noko også Transnova kan bidra med.

– Slik at det blir eit spleiselag mellom kommune, energiverk, fylkeskommunen og Transnova. Ein må prøva å få tak i midlar og få til ei felles finansiering.

Til toppen