ELEVNEDGANG: Årdal vidaregåande skule får ikkje alltid fylt opp klassane sine. No er det lagt inn fleire prosjekt som skal vere med på trygge framtida til skulen som har vore truga før. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
ELEVNEDGANG: Årdal vidaregåande skule får ikkje alltid fylt opp klassane sine. No er det lagt inn fleire prosjekt som skal vere med på trygge framtida til skulen som har vore truga før. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.  (Foto: Arkiv)

Vil ha fleire lærdøler og aurlendingar hit​

Rektor ved Årdal vidaregåande skule, Henny Midtun, er glad for at skulen er sett på dagsorden i næringsarbeidet. 

Årdal: Det er ikkje mange år sidan skulen var truga av nedleggjing, og synkande barnetal i Årdal, som utgjer størsteparten av elevane ved skulen, vert sett på som bekymringsfullt. 

– Me jobbar med neste års tilbod, og det er bekymringsfullt. Mange av klassane våre har låg oppfylling, så det er godt å sjå at skulen vert sett på dagsorden. Me håpar at me saman kan gjera han meir attraktiv, seier Henny Midtun. 

– Men eg må få presisere at det ikkje er gjort noko vedtak på at skulen ikkje skal bestå. Bekymringa går på elevnedgangen og at me kunne ønskja oss fleire søkjarar frå Lærdal og Aurland, legg ho til. 

Må kjempast for no

Tysdag var ho og fleire aktørar frå ulike delar av næringslivet i Årdal samla for å diskutere den strategiske næringsplanen som no er på høyring. Dette var i regi av Årdal Næringssamskipnad. Då dagleg leiar i Årdal Utvikling gjekk gjennom planen, var han klinkande klar på at skulen må kjempast for.

– Det er avgjerande at me får til å redda den vidaregåande skulen elles dør den før 2020. Det er no me må jobba for han, var åtvaringa. 

Artikkelen held fram under biletet.

REDNINGSAKSJON: Terje Laberg gav klar beskjed om at skulen måtte kjempast for no, sjølv om ikkje den er direkte truga av nedleggjing.
REDNINGSAKSJON: Terje Laberg gav klar beskjed om at skulen måtte kjempast for no, sjølv om ikkje den er direkte truga av nedleggjing.

Difor er det lagt inn fleire punkt i handlingsplanen som skal bidra til å styrke skulen – alle med starttidspunkt i 2017. Sjå kva dette er i faktaboks til høgre eller nedst i saka om du sit på mobil.

Vil til Sogndal

Årsaka til elevnedgangen skuldast ganske enkelt færre fødde i Årdal, og at dei fleste som går ut av 10. klasse i Lærdal og Aurland heller vil til Sogndal. 

– Me har invitert oss sjølve på foreldremøte, elevane har vore invitert hit på hospitering, men det er vanskeleg å nå dei. Dei som kjem hit, likar seg veldig godt, men me klarar ikkje å nå den store massen. Sogndal har fått til noko me ikkje klarar, seier Midtun. 

Rimelegare butilhøve

Frå salen kom Alf Roger Lereng i Indre SognBil med forslag om å utvikle til dømes den gamle brannstasjonen ved busstasjonen til eit hybelbygg. I dag er det om lag 40 hybelbuarar i Årdal.

– For tre-fire år sidan sat me med akkurat same problemstillinga. I Årdal må me vera betre på å tilby noko som gjer at dei frå Aurland, Lærdal eller Vang vil koma hit. I Sogndal kostar det 6-7000 kroner å ha ein unge på hybel. Saman med kommunen kunne me ha utvikla brannstasjonen til eit hybelbygg som det er rimeleg å bu i. Årdal har ikkje råd til å mista skulen, sa han. 

«Uslåeleg pakke»

Laberg håpar Årdal kan lage ei uslåeleg pakke der ein til dømes garanterer lærlingplass og sommarjobb for elevane som vel yrkesfag. 

– Det hadde vore veldig flott om me kunne tilbydd yrkesfagelevane noko slikt. Per i dag er me langt på veg. Det er veldig mange som byrjar hjå oss, som får læreplass. Det er faktisk for lite elevar. Det kan henda ei slik pakke hadde gjort skulen meir attraktiv, kommenterer Midtun. 

Neste års Årdal-kull vil vere på mellom 65 og 70 elevar.

Til toppen