GRATISKAMP: I samarbeid med kommunar og næringslivet vil Sogndal Fotball tilby gratis kampbillett til innbyggjarane i Sogn. Foto: Halvor Farsund Storvik.
GRATISKAMP: I samarbeid med kommunar og næringslivet vil Sogndal Fotball tilby gratis kampbillett til innbyggjarane i Sogn. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Vil ha folk ut av godstolen og på kamp

Sjekk når du kan reise og sjå Sogndal gratis.

Sogndal: Sogndal Fotball har eit eige kommuneprosjekt der dei inviterer innbyggjarane i Sogn og Fjordane på kamp denne sesongen.

Prosjektet inneberer eit samarbeid mellom kommunane og næringslivet i kommunane og Sogndal Fotball. Slik kan dei invitere folk gratis på kamp.

– Hovudsakleg gjer me dette for å få fleire folk på stadion til kvar kamp. Me prøver å få heile fylket hit for å sjå eliteserie-fotball, men for å få det til, må me ha med oss kommunane og næringslivet, seier Geir Inge Heggestad, som er arrangementansvarleg i Sogndal Fotball.

Det vil seie at kommunane kan seie nei dersom økonomien ikkje tillet det, men dersom næringslivet stiller opp, er det mogleg å gjennomføre uansett.

– Vil ha med seg heile fylket

Dei siste sesongane har publikumstalet lege i snitt på 3100 til 3500 tilskuarar så lenge Sogndal har spelt i Noregs øvste divisjon.

– Viss ein bryt det ned og seier at det er halvparten av innbyggjarane i Sogndal, så er det voldsomt bra, men me ønskjer stadig fleire på kamp. Me ønskjer å få med oss heile fylket, seier han.

Å få folk til å gå på kamp er ei utfordring ikkje berre i Noreg, men i fleire land. Fotball er blitt så lett tilgjengeleg, at det er lett å velje sofaen framfor ein plaststol.

– Det er ikkje tvil om at det er ei utfordring å få folk på kamp. Før måtte ein på kamp for å sjå han, men i dag kan ein sitja heime og følgje med på TV, så me må leggja meir ressursar inn for å få folk ut av godstolen, seier Heggestad.

Her er oversikt over kampane du kan gå gratis på

Dato Motstandar Kommune
5. april Stabæk Luster
30. april Lillestrøm Aurland, Lærdal, Årdal
4. juni Sandefjord Vik
17. september Haugesund Balestrand, Høyanger
5. november Tromsø Sogndal
26. november Vålerenga Leikanger

 

Til toppen