BESTE ALTERNATIVET: Det grøne skiftet krev mest mogeleg effektive transportløysingar. Rv. 52 har miljøvenlege fordelar med færre høgdemeter, slakare stigningar og god kurvatur. Det gir gevinst i form av lågare drivstoffutgifter og redusert forureining, skriv fylkesordførar Jenny Følling
meiningar
BESTE ALTERNATIVET: Det grøne skiftet krev mest mogeleg effektive transportløysingar. Rv. 52 har miljøvenlege fordelar med færre høgdemeter, slakare stigningar og god kurvatur. Det gir gevinst i form av lågare drivstoffutgifter og redusert forureining, skriv fylkesordførar Jenny Følling
meiningar

Vil ha Hemsedal som aust-vestsamband! 

Argumenta for rv. 52 over Hemsedal er overveldande, og støtta er omfattande. Valet må no vere særs enkelt og i røynda teke, skriv fylkesordførar Jenny Følling.

INNLEGG: Det er brei semje om utbygging over Hemsedal som framtidig stamveg mellom aust- og vestlandet. 

Etter val av E134 som det eine traseen aust-vest, har regjeringa hatt til høyring val mellom rv. 7 og rv. 52 som den andre. Statens vegvesen har to gonger tilrådd rv. 52. Departementa har leigd inn eigne kvalitetssikringsfolk. Dei har gjennom KS1 stadfesta at Hemsedal kjem vesentleg betre ut enn Hardangervidda. 

Dei store næringslivsorganisasjonane (NHO, LO og NLF) har både sentralt og lokalt støtta dette valet. Regionråda i Sogn og Fjordane har saman med Sunnmøre regionråd støtta rv. 52. Det bur meir enn ein kvart million menneske i dette området. Vi er opptekne av turisme og eksport. 

Det grøne skiftet krev mest mogeleg effektive transportløysingar. Rv. 52 har miljøvenlege fordelar med færre høgdemeter, slakare stigningar og god kurvatur. Det gir gevinst i form av lågare drivstoffutgifter og redusert forureining. 

Argumenta for rv. 52 over Hemsedal er overveldande, og støtta er omfattande. Valet må no vere særs enkelt og i røynda teke! 

Regjeringa har gjort det heilt klart at E16 Filefjell ikkje er eit aktuelt alternativ. Det meste er alt bygd ut, og dei seier at resten kjem. I oppdragsbrevet frå Samferdselsdepartementet 2. februar 2016, går det fram at E134 vil vere den eine av to hovudvegsamband mellom aust og vest. Dei seier så at det skal gjerast vidare utgreiingar av om rv. 7 eller rv. 52 skal vere det andre. 

Nord-Vestlandet ynskjer ikkje at E16 Filefjell/Valdres vert stamveg. Det kjem dårlegare ut på alle vesentlege parameter (reisetid, avstand, kost/nytte osb.). Nord-Vestlandet står samla bak rv. 52 og ber om at ei avgjerd kjem no! 

Jenny Følling , fylkesordførar i Sogn og Fjordane

Til toppen