VAL: Stortinget bestemmer kva som blir det andre hovudvegsambandet våren 2017, i handsaminga av Nasjonal transportplan 2018–29. Haukelifjell er alt vald, alternativa for den andre hovuvvegen er Hemsedalsfjellet og Hardangervidda. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Vil ha hovudveg over Hemsedalsfjellet

Kopling til rv. 5 – med ferjefritt samband mellom Mannheller og Fodnes eit sentralt punkt når Fylkestinget støttar tilrådinga frå Statens vegvesen om rv. 52 over Hemsedalsfjellet som hovudveg aust-vest.

Fylkestinget meiner behova for redusert reisetid og transportkostnadar for både nærings- og persontransport, samt betre vinterregularitet, bør vere avgjerande for val av nytt hovudvegsamband. Statens vegvesen meiner rv. 52 over Hemsedalsfjellet tilfredstiller desse behova best, og fylkestinget stiller seg no bak dette, går det fram av ei pressemelding.

Les også: Vegvalet: – Blir rimeleg useriøst å dra inn noko heilt nytt

Ferjefritt Mannheller–Fodnes

VIKTIG: Påkoplinga til rv. 5 med bru over Fodnes - Mannheller meiner fylkestinget kan fange opp store delar av aust-vesttrafikken frå Sogn og Fjordane og delar av Sunnmøre til Austlandet og er eit viktig moment. Arkivfoto

Fylkestinget legg til grunn at rv. 52 som andre hovudvegsamband i framtida vil gje ei kopling til rv. 5 – med ferjefritt samband mellom Mannheller og Fodnes og utbetring av kritiske punkt. Ei slik tilknyting meiner fylkestinget kan fange opp store delar av aust-vesttrafikken frå Sogn og Fjordane og delar av Sunnmøre til Austlandet.

Les også: Sogndalsordføraren: – Brua må koma ei gong

Fylkestinget føreset også at E16 både over Filefjell og gjennom Valdres vert fullført som planlagt, sjølv om vegen ikkje lenger vert hovudvegsamband.

Haukeli er hovudveg

Det var i møtet 6. desember at fylkestinget vedtok fråsegna til konseptvalutgreiinga for dei to alternativa for nytt hovudvegsamband over Austlandet og Vestlandet. Vedtaket vart gjort mot røysta til Stein Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne.

Alternativet til rv. 52 som hovudvegsamband nummer to, er rv. 7 over Hardangervidda. E 134 over Haukeli er alt vedteke som det nasjonale hovudvegsambandet mellom aust og vest.

Les også: Dette betyr vegvalet for deg

Stortinget bestemmer kva som blir det andre hovudvegsambandet våren 2017, i handsaminga av Nasjonal transportplan 2018–29.

Til toppen