HYDROGENPROSJEKT: Årdal kommune har bede om å få delta på det pågåande hydrogenprosjektet som Sogn og Fjordane fylkeskommune og fleire andre kommunar i fylket er i gang med. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HYDROGENPROSJEKT: Årdal kommune har bede om å få delta på det pågåande hydrogenprosjektet som Sogn og Fjordane fylkeskommune og fleire andre kommunar i fylket er i gang med. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil ha med Årdal på fylket si satsing på hydrogen

Årdal og Aurland er blant kommunane som er invitert med på hydrogen-satsinga som Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta.

Årdal: Porten.no har tidlegare skrive at Sogn og Fjordane fylkeskommune jobbar saman med kommunar for å kartlegge lokale moglegheiter for utsleppsreduksjon og næringsutvikling knytt til hydrogen. 

Målet med prosjektet er å etablere fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering av hydrogenteknologi.

No er fire nye kommunar invitert inn, mellom anna Årdal og Aurland. Men inngangsbilletten kostar 50.000 kroner. Formannskapet var samde om at dette ville dei vere med på, men måtte først ta ein diskusjon på kva fond pengane skulle takast frå.

NÆRIMGSFOND: Sandra Opheim (MDG) ønskte å spare dei få kronene på klimafondet til andre føremål og heller hente pengar frå næringsfondet. 
NÆRIMGSFOND: Sandra Opheim (MDG) ønskte å spare dei få kronene på klimafondet til andre føremål og heller hente pengar frå næringsfondet. 

– Eit av hovudpunkta er at prosjekta skal bidra til utviklingsprosjekt i næringslivet. Difor meiner MDG at dei 50.000 kronene skal dekkast av næringsfondet, sa Sandra Opheim i Miljøpartiet Dei Grøne.

Større perspektiv

I tilrådinga skulle pengane takast frå energi- og klimafondet, men sidan det berre står litt over 850.000 på dette fondet, ville Opheim heller bruke dei få kronene som er att til konkrete miljøtiltak i Årdal. 

Men det ville verken Arbeidarpartiet eller Senterpartiet vere med på. Hilmar Høl (Ap) tykte det var snodig dersom kommunen skulle søke om pengar frå eige næringsfond og meinte det ikkje gjekk an.

– Eg meiner alvorleg tala at dette er eit klima- og miljøprosjekt. Me må sjå dette i eit større perspektiv og ikkje berre snevert for Årdal sin del. Me må sjå heile regionen, landet og kanskje verda. Viss ikkje klimafondet kan støtte slike etableringar, forstår eg ingenting, sa han.

Rådmann Olve Fossedal kom med ei løysing på floken ved å avsløre at administrasjonen hadde tenkt å foreslå at ein del av overskotet kommunen hadde i fjor vert sett på klimafondet. 

Analyse

Det neste steget i prosjektet er no å gjennomføre ein analyse, der ein mellom anna ønskjer å få svar på kor ein kan produsere hydrogen frå fornybar energi, kvar det er tenleg å etablere infrastruktur på land og sjø og moglegheiter knytt til ulike bruksområde for hydrogen i kommunen.

Resultatet skal danne ei verktøykasse for kommunane i det vidare arbeidet med hydrogen. 

På grunn av nettopp dette prosjektet er Sogn og Fjordane eit av fylka som ligg lengst framme på hydrogen i landet. Fylket har også eit tett samarbeid med Møre og Romsdal og Hordaland.

Østfold Energi vil satse

I Årdal er det Østfold Energi som ser på moglegheita for å produsere hydrogen i fabrikklokalet som tidlegare husa Dooria på Årdalstangen. Heilt sidan dørfabrikken vart nedlagt i 2011 har bygningen stått tom, og det er gjort fleire forsøk på å fylla det med ny aktivitet. 

Østfold Energi eig kraftstasjonen i Naddvik og tenkjer å nytte seg av denne krafta til å spalte vatn til hydrogen og oksygen. Dette er for så vidt ikkje ny teknologi, men det som er nytt, er at hydrogen no skal nyttast til køyretøy, som bilar og bussar.

Laberg sa i haust at han håpte ein pilot kom på plass i 2017, me då Porten.no snakka med prosjektleiar Egil Erstad i starten av januar, fortalte han at dette var forsinka fordi arbeidet med å skape ein marknad tek lenger tid enn venta.

Til toppen