KOMMUNEREFORMA: Per Olaf Lundteigen (Sp) meiner den nye boka «Folkestyre eller elitestyre? – kommunereform i perspektiv» legg grunnlaget for ein ordentleg debatt om kommunereforma. Foto: Marianne Å. Friess / NPK
KOMMUNEREFORMA: Per Olaf Lundteigen (Sp) meiner den nye boka «Folkestyre eller elitestyre? – kommunereform i perspektiv» legg grunnlaget for ein ordentleg debatt om kommunereforma. Foto: Marianne Å. Friess / NPK

– Vil ha meir debatt rundt kommunereforma

Prosessen med kommunereforma syner eit demokratisk problem, meiner Per Olaf Lundteigen (Sp). Han etterlyser ein ordentleg debatt.

Årdal/Lærdal: – No er det viktig å få i gang ein ordentleg debatt om kommunereforma, det er heilt grunnleggjande viktig for kva me vil med Noreg og korleis ein organiserer kommunal sektor, seier Lundteigen.

Boka «Folkestyre eller elitestyre? – kommunereform i perspektiv» blei lansert på Litteraturhuset i Oslo denne veka. Redaktørane for boka er emeritus ved Universitetet i Bergen Alf Inge Jansen og professor i økonomi ved Høgskulen i Hedmark Bjarne Jensen. I boka er arbeidet med kommunereforma og bakgrunnen for denne analysert.

– Passar ikkje i eit kunnskapssamfunn

Lundteigen meiner at boka syner at utgreiinga som ligg til grunn for reforma, er abstrakt og at ho tek lite omsyn til korleis maktforholda vil bli påverka.

– Utgreiinga skildrar lite konkret korleis denne reforma vil endre maktforhold mellom grupper, mellom landsdelar og mellom politikk kontra marknad, seier han.

Det er kome forslag om å kutte talet på kommunar frå 428 til om lag 100. Dette vil, ifølgje utgreiinga, føre til vekst og eit betre lokaldemokrati.

Lundteigen meiner rapporten som ligg til grunn ikkje byggjer på kunnskap, men ei overflatisk tilnærming utan verdi.

– Problemet er at skildringa av dei ulike alternativa er så overflatiske at ho ikkje har nokon verdi – det er så slett arbeid at eg blir oppgitt over at det er mogleg å gjennomføre ein slik praksis i eit land som prøver å karakterisere seg som eit kunnskapssamfunn, meiner Lundteigen.

Under boklanseringa blei det presentert tal som syner at folkevalde i kommunane vil bli redusert frå over 13.000 personar til om lag 7.000 dersom kommunesamanslåinga blir eit faktum. Dette vil ifølgje boka kunne føre til at interesser og verdiar i lokalsamfunn får mindre gjennomslagskraft, og at lokaldemokratiet blir svekt medan makta blir meir sentralisert.

– Liknar eit bestillingsverk

Per Olaf Lundteigen meiner utgreiinga framstår som eit bestillingsverk frå statsråden, Jan Tore Sanner (H).

– Bakgrunnen for utgreiinga byggjer på ei vidareføring eller ein tradisjon der ein handplukkar folk til eit så kalla ekspertutval som gjennomfører den ideologien statsråden står for – deretter vert utgreiinga til utvalet presentert som noko nesten verdinøytralt, og framstilt som om departementet ikkje står ansvarleg for det. Dette er ein ukultur som utviklar seg, seier han.

Lundteigen etterlyser svar på kva problem ein skal løyse ved å gjennomføre kommunesamanslåingar.

– Utan å definere ei problemstilling fyrst så får ein ikkje ein klar gjennomgang av kva som er dei ulike løysingsalternativa for å løyse det eventuelle problemet, seier han.

– Kan få store konsekvensar

Boka tek også opp kva som kan bli ulike konsekvensar av kommunereforma.

– Kommunereforma vil innebere store kostnader og store effektivitetstap i norsk økonomi, seier Lundteigen.

Han peiker også på at dersom det skal bli gjennomført ei slik reform, så må det byggje på fri vilje og folkerøysting.

– Senterpartiet ønskjer fri vilje og folkerøysting, men me ser no at det er altfor liten debatt og altfor lite poengtering av kva som faktisk er problemet, seier Per Olaf Lundteigen.

Til toppen