Aurland: Det er søkt om 6 millionar kroner no, og 5 millionar årleg dei neste fem åra til landbruket for å ta vare på kulturlandskapet i verdsarvområdet, skriv Nationen.
I ein felles søknad til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet ber kommunane gjennom Vest-norsk fjordlandskap om pengar som skal sikre landbruket. Dette fordi landbruket er heilt sentralt for kulturlandskapet. Brevet er underteikna av ordførarane i Stranda og Voss kommunar. I tillegg ligg det føre ein søknad om nytt fjøs frå Stiftelsen Verdsarv Geiranger.
Ordførarane skriv at det er vanskeleg å drive eit moderne og intensivt landbruk i området. Det gjer det vanskeleg å halde oppe og rekruttere landbruket, då få ser lønsemd i eit gammaldags bruk. Det dei først og fremst ber staten om, er investeringsbidrag som kan bøte på dette ved å hjelpe bøndene med å fornye.
I søknaden er det også søkt om 4 millionar i investeringsbidrag til nytt fellesfjøs for sau og geit i Geiranger, og i tillegg 2 millionar til ei oppgradering av eit kufjøs ved Nærøyfjorden, slik at bygget kan bli tidsmessig. (©NPK)