NY ENDRING: Rådmannsgruppa i Sogn Regionråd har føreslege å utarbeida ein ny modell fir finanseiering av drifta av musea i Sogn og Fjordane, som Heibergske samlingar – Sogn Folkemuseum på Kaupanger ligg under. Arkivfoto: Halvor F. Storvik
NY ENDRING: Rådmannsgruppa i Sogn Regionråd har føreslege å utarbeida ein ny modell fir finanseiering av drifta av musea i Sogn og Fjordane, som Heibergske samlingar – Sogn Folkemuseum på Kaupanger ligg under. Arkivfoto: Halvor F. Storvik

Vil ha ny finansieringsmodell for musea

Både rådmannsgruppa i Sogn Regionråd og formannskapet i Lærdal meiner det er umusikalsk at kommunane må ta støyten for det fylkeskommunen ikkje vil betala

Sogn: – At ei utgiftspakke berre skal brennast utatt på kommunane blir heilt uaktuelt. Dei får sjå på sin eigen driftsmodell, sa Trond Øyen Einemo, gruppeleiar i Lærdal Høgre, under formannskapsmøtet tysdag.

– Det var reine ord for pengane, kommenterte ordførar Jan Geir Solheim.

Som Porten.no tidlegare har omtala må kommunane i fylket dekkja inn det fylkeskommuen kuttar i tilskot til musea i Sogn og Fjordane. I 2017 er det snakk om 2,6 millionar kroner som kommunane må auka sine tilskot med.

Assisterande fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad, forklara fylkeskommunen sine kutt med tre faktorar då Porten.no intervjua henne om saka i haust.

– For det første grunna fylkeskommunen sin totale økonomiske situasjon - me kuttar på alle frontar. For det andre fordi fylkeskommunen over tid har teke det meste av auken i den totale offentlege støtta til musea medan nivået for kommunane sitt vedkomande har stått ganske i ro. For det tredje fordi kommunane i Sogn og Fjordane har bidrege med tilhøvesvis lite samanlikna med kommunar i mange andre deler av landet.

Les også: Kommunane må dekkja inn det fylkeskommunen kuttar

Les også: Ho håpar kommunane opnar lommeboka for musea

– Lang prosess

Saka vart utsett i formannskapet i Lærdal då, men tysdag kom den på bordet att. Rådmann Alf Olsen jr. forklara korleis rådmennene i Sogn stilte seg i saka

– Det har vore ein lang prosess og dette er diskutert i rådmannsgruppa i Sogn regionråd. Tida har gått når det gjeld 2017, så ein må nesten løyva utifrå den modellen som ligg føre for inneverande år. Men så vil ein starta ein prosess for å revurdera heile modellen – her er kommunane i Sogn samde på administrativt nivå. Også på politisk nivå, er dei signala eg har fått.

Av sakspapira går det fram at tre-fire rådmenn skal gå saman om å laga ein ny fordelingsmodell frå 2018 – dersom regionrådet vil det slik.

Men for 2017 løyvde altså Lærdal kommune pengane til musea i Sogn og Fjordane i tråd med modellen som ligg føre – det vil seia 325 000 kroner, 44 000 kroner i auke.

Til toppen