DOKTORHEIMEN: I dag blir I fleirbruks- og aktivitetshuset "Doktorheimen" nytta til mellom anna eldrekafé, leksehjelp for flykningar og til aktivitetar for psykisk helsevern. Foto: Jan Christian Jerving
DOKTORHEIMEN: I dag blir I fleirbruks- og aktivitetshuset "Doktorheimen" nytta til mellom anna eldrekafé, leksehjelp for flykningar og til aktivitetar for psykisk helsevern. Foto: Jan Christian Jerving

Vil ha nytt namn på «Doktorheimen»

– Eg ber dykk tenkje over kva signal eit slikt namn har, folk kan jo tru dei får legehjelp der, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) inderleg. 

Lærdal: Skilta på «Doktorheimen» er no tekne ned, og det må på plass nye. 

– Det er ein hjelpepleiarskule. Bør me ikkje no vurdere å få på plass eit anna namn enn Doktorheimen, spurde Solheim formannskapet om torsdag. 

Anniken Vanberg (SV) smilte breitt, og sa ho forstår tankegangen til ordføraren. 

Kjøp av eigedom

Likevel var ikkje dette ei sak som stod på sakslista. Lærdal kommune har fleire tenester lokalisert i dette bygget. I kommunestyret er det alt vedteke at eigedomen skal kjøpast frå Sogn og Fjordane fylkeskommunen innan 1. januar 2016. 

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å kjøpe eigedommen til summen som er sett på 3.5 millionar, pluss tinglysingskostander på kring 100.000 kroner. Dette blir finansiert med lån, der rådmannen fekk fullmakt til å inngå lånevilkår. Saka skal også oppatt i kommunestyret 17. desember. 

Investering og opprusting

I 2015 budsjetterte kommunen med investeringar på 38 millionar, men vil bruke i underkant av 13 millionar. Då kjøpet av eigedomen ikkje var med i budsjettet for 2015, har eit underforbruk på investeringsbudsjettet gjort at kommunen kan ta investeringa i år, går det fram av saksdokumenta. 

Då Porten.no var innom «Doktorheimen» onsdag, var alt renoveringa av første etasje i gang, noko som skal tilpasse etasjen til mellom anna rullestolbrukarar. 

Til toppen