TRENG LEGAR: Rigmor Svanberg, kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal kommune, seier Årdal treng fleire legar for å få ned ventetida på å få time hjå fastlegen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRENG LEGAR: Rigmor Svanberg, kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal kommune, seier Årdal treng fleire legar for å få ned ventetida på å få time hjå fastlegen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil ha på plass nye legar i Årdal

I Årdal er ventetida på å få tildelt time hjå fastlegen på fem veker. Det er på grensa til det forsvarlege. 

Årdal: Det er langt over snittet i nabokommunane i Indre Sogn. Årsakene til dei lange køane er mange, men løysinga er klokkeklar. Det må fleire legar til.

Frå før er det lagt inn ein 50 prosent kommuneoverlege og 50 prosent fastlegeheimel i budsjettet til kommunen. No skal politikarane ta stilling til om ein ytterlegare ny fastlegeheimel skal innarbeidast i neste års budsjett. 

Målet er maksimalt to vekers ventetid.

– Det er behov for å auke legeressursane. Då me sjekka ut situasjonen i nabokommunane i sommar og hadde ein Kostra-gjennomgang, var det tydeleg at me har høge pasientlister, fortel kommunalsjef for helse og omsorg, Rigmor Svanberg. 

Betydeleg forskjell frå nabokommunane

I dag er det fem fastlegar i tillegg til éin turnuslege i Årdal. I gjennomsnitt har kvar lege ei listelengde på 1051. 

Artikkelen held fram under biletet.

OMVISNING: Det er under eit år sidan helsehuset vart opna, og det kan vere at Arne Kjos (t.h.) vert sett på oppgåve å gjere endringar for å få plass til nye legar. Her syner han fram helsehuset til ordførar Arild Ingar Lægreid. Arkiv

– Når ein då legg inn kor mykje legane brukar på offentleg helsearbeid, er lista på over 2000, seier Svanberg.

Til samanlikning ligg snittet i nabokommunane på mellom 588 i Aurland til 784 i Sogndal. Her er ventetida på to til tre veker. Ei undersøking frå juli 2016 viser at Årdal har den lågaste fastlegedekninga i Sogn og Fjordane.

Endringar på helsehuset

Det er førebels uklart kor mykje dette vil koste. Ved fleire legestillingar må det vurderast å auke hjelpepersonell i legekontoret, og det vil i så fall bety nye endringar på det nye helsehuset som stod klart i november i fjor. 

Onsdag var Svanberg i møte med mellom anna prosjektleiar for oppussinga av helsehuset, Arne Kjos, der dei skulle sjå på eventuelle løysingar.

– Målet er å få plass til dei nye legane her. Det er også eit mål at alle legane skal vera i same etasje, seier Svanberg, som trur helsehuset vil vere eit pluss for rekrutteringa. 

Til toppen