SØKJER SVAR: Aksjonsgruppa for preikestolen i Tønjum kyrkje ber soknerådet om å framskunde avgjerda om preikestolen si framtid snøggast råd. Frå venstre: Hans Tønjum, Halvard Eri, Hans Hagheim og Inge Raa. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
SØKJER SVAR: Aksjonsgruppa for preikestolen i Tønjum kyrkje ber soknerådet om å framskunde avgjerda om preikestolen si framtid snøggast råd. Frå venstre: Hans Tønjum, Halvard Eri, Hans Hagheim og Inge Raa. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Vil ha rask avgjerd kring preikestolen

Aksjonsnemnda ber soknerådet framskunda avgjerda om preikestolen si framtid.

Tønjum: Det var i fjor at preikestolen i Tønjum kyrkje «plutseleg» var vekke då folk kom til gudsteneste ein søndag i mars. No står preikestolen, som er 184 år gamal, innpakka i presenning på det gamle potetlageret hjå Fretland bygg.

I slutten av februar var aksjonsnemnda saman med kyrkjeverja på synfaring for å sjå på preikestolen.

– Han låg på ein palle innpakka i ein grøn plastpresenning plassert på ein hems i lagerbygget. Me registrerte at lagringa alt hadde sett sitt preg på han både med oppsprekking og skrubbsår.

Det skriv aksjonsnemnda i eit brev til Lærdal Sokneråd, der dei ber soknerådet om å framskunda avgjerda om preikestolen si framtid.

Sjokkerte og irriterte

Fleire av kyrkjegjengarane var irriterte og sjokkerte over avgjerda om å fjerne preikestolen, som soknerådet i Lærdal meinte tok for mykje plass ved hendingar som dåp og gravferd, og ved kulturelle tilstelningar.

Artikkelen held fram under biletet.

INNPAKKA: Preikestolen ligg i dag innpakka i presenning på det gamle potetlageret. Ifølgje aksjonsgruppa har lagringa allereie sett sine spor på stolen.
INNPAKKA: Preikestolen ligg i dag innpakka i presenning på det gamle potetlageret. Ifølgje aksjonsgruppa har lagringa allereie sett sine spor på stolen.

Etter ein iherdig kamp for å få preikestolen sett inn att måtte til slutt aksjonsnemnda for preikestolen i Tønjum kyrkje innsjå at slaget var tapt. Hans Oskar Tønjum kalte det den gongen for respektlaust.

– Det er ein maktdemonstrasjon. Eg tykkjer det er heilt respektlaust overfor grendafolket. Dei påstår dei har folket på si side utan å kunne dokumentera noko som helst. Me har ei underskriftsliste som me kan dokumentera med. Det er så respektlaust og frekt at ein skulle ikkje tru at dette var eit sokneråd, sa han til Porten.no etter at vedtaket var gjort.

Vil framskunde svaret

 

Vedtaket gjekk då ut på at preikestolen ikkje kom inn att med ei prøvetid på to år. Først til våren 2017 skal folk få sjansen til å kome med innspel, men aksjonsgruppa vil helst få eit svar raskare.

Artikkelen held fram under biletet.

TOK PLASS: Preikestolen, til høgre på biletet, tok for mykje plass meinte soknerådet.
TOK PLASS: Preikestolen, til høgre på biletet, tok for mykje plass meinte soknerådet.

– Det er kjent at Fretland Bygg har planar om eit bustadbygg på denne tomta og skal rive lagerbygget. Det vil utvilsamt medføre enno ei flytting. Aksjonsnemnda er sterkt uroa for preikestolen og meiner dette ikkje er ein forsvarleg lagermåte. 

– Me ber no soknerådet framskunde avgjerda om preikestolen si framtid snøggast råd er. Kunne me samlast om ei løysing som begge partar kan akseptere, ville det utvilsamt tene saka og skape ro rundt preikestolen. 

Til toppen