NPK: Bakgrunnen for at samvirket for grisebønder tek initiativ til dette, er dyretragedien som Mattilsynet nyleg avdekte i Rogland. Under ein tilsynskampanje i fylket fann tilsynet i slutten av november over hundre døde dyr hos ein grisebonde på Jæren og har avdekt fleire tilfelle av dårleg dyrevelferd. Mattilsynet har så langt meldt tre bønder til politiet.
Styreleiar Geir Heggheim i avls- og interesseorganisasjonen Norsvin er skuffa over at slikt kan skje i næringa, og foreslår at grisebøndene får pålegg om årlege veterinærbesøk.
– I dag er det berre havbruks- og fjørfenæringa som er pålagt obligatoriske besøk av veterinær. Vi meiner det må bli eit lovpålagt krav for svinebønder òg, og eitt til tre besøk årleg bør vere eit minimumskrav. Det kan verke førebyggjande, og det kan òg ha fordelar for bonden, seier Heggheim til Nationen.
Heggheim er uroleg for omdømmet til svinenæringa, men strekar under at dei aller fleste grisebøndene steller dyra sine godt.
Mattilsynet skal fram til mars gjennomføre umelde besøk hos alle dei 650 svineprodusentane i Rogaland.