HEMSEDALSFJELLET: Kommunestyret i Lærdal støttar tilrådinga om tunnel frå Borlaug i Lærdal til Bjøberg i Hemsedal og ei vidare opprusting av riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, tilkopling til riksveg 5 og bru over ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Foto: Ina Eirin Eliassen
HEMSEDALSFJELLET: Kommunestyret i Lærdal støttar tilrådinga om tunnel frå Borlaug i Lærdal til Bjøberg i Hemsedal og ei vidare opprusting av riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, tilkopling til riksveg 5 og bru over ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Foto: Ina Eirin Eliassen

Vil ha to hovudsamband mellom aust og vest

Lærdal kommune støttar Statens vegvesens tilråding om to hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet, med tunnel på riksveg 52 Hemsedalsfjellet, ferdigstilling av E16, ferjefri Manheller - Fodnes og utbetring av kritiske punkt langs riksveg 5.

Statens vegvesen har gjennomført ei utgreiing om vegsamband mellom Austlandet og Vestlandet, som var ute på høyring fram til 8. mai. Innspel frå høyringa blir så sendt til Samferdselsdepartementet. 

Les også: Fylkestinget stiller seg bak Hemsedalsfjellet

NØGD: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, seier Statens vegvesen tilråding om aust-vest samband vil gjera Lærdal til eit knutepunkt.
NØGD: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, seier Statens vegvesen tilråding om aust-vest samband vil gjera Lærdal til eit knutepunkt.

– Lærdal blir eit sterkare knutepunkt og eit meir interessant område enn nokon gang, når det kjem bru over Sognefjorden og tunnel på riksveg 52 Hemsedalsfjellet. At dette gjer Lærdal til eit samferdselsmessig sentrum er det ingen tvil om, seier Jan Geir Solheim under ei orientering til kommunestyret 19. mars. 

Solheim var ikkje tilstades då kommunestyret i Lærdal handsama høyringsuttala 7. mai.

Samrøystes kommunestyre

Lærdal kommune støttar Statens vegvesens tilråding om E134 over Haukeli og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, som langsiktig utviklingsstrategi for riksvegnettet mellom Oslo og Bergen. Likevel legg kommunestyret til grunn at E16 over Filefjell blir fullført som planlagt og at naudsynte utbedringar på E16 gjennom Valdres utført. 

Kommunen støttar tilrådinga om tunnell frå Borlaug til Bjøberg og ei vidare opprusting av riksveg 52 Hemsedalsfjellet, tilkopling av riksveg 5 og ferjefritt samband mellom Mannheller og Fodnes, då dette hovudsambandet også vil gi ein god regional effekt for Sogn og Fjordane. I tillegg støttar Lærdal kommune E134 som aust-vest samband for søndre del av Vestlandet. Kommunestyret stiller seg også bak at staten må setje i gang konseptvalutgreiing (KVU) for Sognefjelltunnelane. 

VEGHØYRING: Kommunestyret i Lærdal støttar tilrådinga til Statens vegvesen om framtidige hovudvegar mellom aust og vest.
VEGHØYRING: Kommunestyret i Lærdal støttar tilrådinga til Statens vegvesen om framtidige hovudvegar mellom aust og vest.

Etter framlegg frå Geir Berge Øverland (Ap) og Jan Olav Fretland (SV) vedtok kommunestyret i Lærdal samrøystes å legge til i høyringsuttala at kritiske punkt langt riksveg 5 må utbetrast og at arbeidet med lang tunnel på E16 Ljøsne må setjast i gang. 

Framtidig prioriteringar på riksvegar

Målet med utgreiinga til Statens vegvesen har vore å sjå på kva betyding og funksjonar dei ulike aust-vest sambanda har no og fram mot 2050. Det er eit stort behov for å betre regulariteten vinterstid over fjellovergangane og gi næringsliv og befolkning eit meir påliteleg samband mellom aust og vest. Utgreiinga er ein del av arbeidet til Nasjonal transportplan 2018-2027. 

Til toppen