FLEIRE VAKSNE: Utdanningsforbundet i Sogndal ber politikarane følgje opp lovnadene om tre vaksne per avdeling i barnehagane. Dei ønskjer også å auke tettleiken av pedagogar. Foto: Halvor Farsund Storvik (Illustrasjon). 
FLEIRE VAKSNE: Utdanningsforbundet i Sogndal ber politikarane følgje opp lovnadene om tre vaksne per avdeling i barnehagane. Dei ønskjer også å auke tettleiken av pedagogar. Foto: Halvor Farsund Storvik (Illustrasjon). 

Vil ha tre vaksne per avdeling i barnehagane​

Sogndal styrer i år mot eit overskot på 17 millionar kroner. Utdanningsforbundet håper nokon av kronene kjem barnehagane i kommunen til gode.

Sogndal: Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Sogndal, Roar Erlandsen, vil minne kommunestyret på lovnaden dei gav om å prioritere auka bemanning til tre vaksne per avdeling.

På byrjinga av 2000-talet vart dette redusert til 2,85 vaksne per avdeling på grunn av ein vanskeleg økonomisk situasjon i kommunen. Gradvis er det blitt trappa opp til 2,9.

– No håpar me Sogndal kommune held det dei lova og tar oss tilbake til tre, seier han og viser til overskotet som kommunen styrer mot i år.

– Ikkje ein oppbevaringsplass

– Kvifor er dette viktig?

– Barnehagane er ikkje berre ein oppbevaringsplass. Det er ein pedagogisk institusjon med lover og avtaleverk som stiller større og større krav. Likevel skal kvardagen henge saman reint praktisk, der ein skal ta seg av alle barna. Skal me klare det, er me avhengig av vaksenressursar, slik på alle andre arbeidsplassar, forklarar han. 

Han fortel at kostnaden av denne auken vil vere godt innanfor dei 17 millionane som kommunen ligg an til å få i overskot dette året. 

Vil ha fleire pedagogar

Dessutan ønskjer Utdanningsforbundet å auke tettleiken av pedagogar i barnehagane. Av tre vaksne er det i dag éin pedagog og to assistentar. Altså er berre ein tredjedel utdanna. 

– I til dømes Florø og Stryn har dei to-pedagogsordning. Det ønskjer me også i Sogndal fordi me har høgskulen som utdannar barnehagelærarar, fortel han.

– Kor lett er det å rekruttere pedagogar til barnehagar i Sogndal?

– Det er ikkje noko problem. Me har alltid masse søkjarar når det er stillingar som er ledige. Mange går i assistentstilling fram til det dukkar opp ei ledig pedagogstilling. 

Investerer i kvalitet

– Dette vil også koste kommunen litt meir enn i dag?

– Ja, men ein investerer for å få høgare kvalitet. Ein del av dei som jobbar i assistentstilling er betalt som fagarbeidarar med full ansiennitet. Så dersom ein assistent går ut og det kjem inn ein nyutdanna førskulelærar, vil differansen vere liten, fortel han.

Han understrekar også at grepet ikkje skal føre til at folk utan utdanning vert dytta ut, men at ein gradvis byggjer opp kompetansen etter kvart som dagens tilsette går av med pensjon eller sluttar av andre grunnar. 

Til toppen