- Det vert trivelegare for alle dersom vi held kommunen rein, seier Jarle Offerdal.
Han tok opp problemstillinga rundt boskasting i spørjetimen under kommunestyre i Lærdal torsdag.
Behov for våropprydding
Ap-politikatren oppfordra kommunen til å ta grep og starte opp igjen med "Hald Lærdal reint" aksjonen som vart avslutta for eit par år sidan.
- Behovet for ei våropprydding etter vinterstormane er stor. Då tenke eg at det er på sin plass å blåsa liv att i ryddeaksjonen, seier Offerdal.
Før stilte kommunen med gratis søppelposar og det var sett opp faste tider der kommunale arbeidarar henta søppelet. Dette var ei gratis ordning.
- Det kommunen kunne gjort var å leggja til rette for arbeidet, så kunne befolkninga gjort ein dugnadsjobb med å plukka bos, seier Offerdal.
- Uansvarleg å halde born langs vegane
I dag er det eit firma som har ansvaret for oppryddinga langs riks- og fylkesvegane. Rådmann i Lærdal Alf Olsen Jr. var bekymra over barn sin tryggleik om dei hadde blitt sett til å plukka bos langs vegane.
- Det er uansvarleg å halde ungar langs vegane. Rydding langs riks- og fylkesvegane krevjer opplæring og godkjente klede. Folk burde sjølve ta ansvar for å halda sine område reine, sa Olsen.
Offerdal på si side meiner at det ikkje er hovudvegane som er problemet, men turområda i kommunen.
- Det virka som kommunen kvidde seg litt for å rydda vegane, men det er jo friluftsområda det her er snakk om, seier Offerdal.
Ikkje alle treff søppelbøtta
Kommunen er positive til å støtta opp om hald den nasjonale satsinga "Hald Norge Reint"-initiativet.
- Dette er eit pedagogisk tiltak, spesielt overfor ungdom. Det er ikkje alle som treff boskorga når dei kastar, seier Offerdal.
Han håpar at kommunen vil setja i verk tiltak som gjer at folk ryddar opp i naturen til våren.