FLYTTA: Formannskapet flytta ut av rådhuset og inn på samfunnshuset på Borgund då dei heldt siste formannskapsmøte for året. Dei flytta også ut «upopulære innsparingstiltak» i rådmannen sitt budsjettframlegg, som stenging av samfunnshuset og begge bassenga i Lærdal - desse skal erstattast med effektivisering av organisasjonen med spesifiserte summar på dei ulike tenesteområda. F.v.: Kåre Mentz Lysne (Ap), Annike Vanberg (SV), Gro Starheimsæther (Sp), Trond Øyen Einemo (H) og Jan Geir Solheim (Sp). Foto: Ole Ramshus Sælthun
FLYTTA: Formannskapet flytta ut av rådhuset og inn på samfunnshuset på Borgund då dei heldt siste formannskapsmøte for året. Dei flytta også ut «upopulære innsparingstiltak» i rådmannen sitt budsjettframlegg, som stenging av samfunnshuset og begge bassenga i Lærdal - desse skal erstattast med effektivisering av organisasjonen med spesifiserte summar på dei ulike tenesteområda. F.v.: Kåre Mentz Lysne (Ap), Annike Vanberg (SV), Gro Starheimsæther (Sp), Trond Øyen Einemo (H) og Jan Geir Solheim (Sp). Foto: Ole Ramshus Sælthun

Vil halda samfunnshuset og begge bassenga opne

Formannskapet i Lærdal strauk så og seia alle «upopulære innsparingstiltak» som rådmannen hadde lagt opp til. I staden skal to millionar kroner hentast inn på organisering og administrasjon.

Lærdal: – Me har prøvd oss på ein ny vri i år med ein budsjettkommentar, sa Gro Starheimsæther, gruppeleiar i Senterpartiet under formannskapsmøtet torsdag.

Essensen i kommentaren var at 2,1 av millionane rådmannen hadde lagt opp til skulle sparast inn på ymse «upopulære tiltak» i staden skal hentast på organisering og administrasjon. Det betyr at følgjande tiltak i framlegget frå rådmannen vart stroke (summen bak kvar post gir opp kor mykje dei enkelte postane ville ha gitt i innsparingar):

  • Stenge basseng Borgund (300 000 kr.) 
  • Stenge basseng Øyri (150 000 kr.) 
  • Stenge Borgund samfunnshus (100 000 kr.) 
  • Ta leige på bruk av idrettshall og idrettsanlegg (100 000 kr.) 
  • Politiske møte på kveldstid. Tenestefrikjøp redusert med: (100 000 kr.) 
  • Ikkje betale ut stønad til politiske parti i 2017 (50 000 kr.) 
  • Kutt i reise/kursutgifter (87 000 kr.) 
  • Fjerna kulturmidlar (205 000 kr.) 
  • Nedklassifisering av vegar (130 000 kr.) 
  • Auke i utbytte Okken kraft (500 000 kr.) 
  • Auke i utbytte Lærdal energi (200 000 kr.) 
  • LNU vedteke rammeplan 2017 (200 000 kr.)

Les også: Føreslår å stenga begge bassenga

– Har me vorte meir og meir konstruktive

I høve å halda politiske møter på kveldstid presiserte Starheimsæther følgjande:

– Me seier ikkje at me er uvilljuge til dette, men at me vil fjerna det som ei rein innsparing i budsjettet. 

Til saman blir dette vel 2,1 millionar kroner som må sparast inn andre plassar i staden. Her la Senterpartiet opp til konkrete innsparingssummar på tilhøvesvis Teknisk, Oppvekst, Pleie og omsorg/Helse og Rådmannsfunksjonen, pluss at dei vil kutta avsetting av midlar til organisasjonsutvikling. Innsparingane her skal vera slik:

  • Ta bort avsetting til organisasjonsutvikling (200 000 kr.) 
  • Oppvekst: (500 000 kr., som resultat av å stenga ei barnehageavdeling) 
  • Teknisk: (750 000 kr.) 
  • PLO/Helse: (322 000 kr.) 
  • Rådmannsfunksjonen (350 000 kr.)

Les også: Partia deira vil dreia kutta over på administrasjonen

Kåre Mentz Lysne, gruppeleiar i Ap, var med på innretninga Senterpartiet hadde lagt opp til:

–  Me stør eigentleg dette. Det flyttar meir ansvar over på prosjektet «Optimal organisering», men her har me vorte meir og meir konstruktive. Det må kanskje ei budsjettendring til i etterkant, no har me litt «tenkte» summar.

– Målet er å ikkje gjera oss avhengige av svingande inntekter

Kort fortalt gir politikarane med dette «Optimal organisering» i oppdrag å finna innsparingar i tråd med dei oppgitte summane i budsjettkommentaren. Prosjektet er i botn og grunn eit utval med representantar blant politikarane, frå administrasjonen og fagforeiningane. Innsparingane skal altså hentast på effektivisering av organisasjonen, utan at politikarane vil vera meir konkrete her:

– Det er eit trepartssamarbeid som saman skal løysa desse utfordringane, det er ikkje snakk om å velta alt over på rådmannen. Men rådmannen styrer detaljgraden. Målet er at me skal ha svaret på kvar desse summane skal hentast innanfor tenesteområda til første kommunestyre over jul, i februar, sa ordførar Solheim.

– Målet er å ikkje gjera oss avhengige av svingande inntekter. No er me på etterskot, me må skjera ned og skjera ned. Me må koma på eit driftsnivå som me kan leva med, sa Kåre Mentz Lysne.

Meiner innsparingane er spesifisert tydeleg

Solheim meinte også at grepa politikarane gjorde ikkje var veldig store i høve framlegget rådmannen kom med i første omgang.

– Det me har flytta på er 2,1 millionar av eit stort budsjett, så det er ikkje noko veldig stort avvik mellom administrasjon og politikarane her. Nokre moment i det rådmannen la fram var svært vanskeleg å godta politisk. Det står att utfordringar,  men utfordringar er til for å løysast.

I juli 2013 kom Lærdal på Robek-lista fordi kommunestyret vedtok ein økonomiplan der det vart oppgitt at så og så mange millionar skulle sparast dei neste åra, utan at det vart spesifisert kva tenesteområde innsparingane skulle skje på. Kvar innsparingane skulle skje var altså ikkje spesifisert godt nok. Ordførar Solheim meiner dette budsjettet er spesifikt nok til at Robek ikkje er tema.

– No er me heilt spesifikke og seier at innsparingane skal skje der og der. At me først vedtek eit budsjett og så kjem med dei konkrete løysingane for innsparingane i første kommunestyre over jul er heilt vanleg.

Formannskapet gjekk einstemmig inn for budsjettet med endringane Senterpartiet la opp til. I vedtaket vart det også lagt inn ei rekkje presiseringar, mellom anna at satsar på brukarbetaling generelt aukar med 4 prosent i 2017, det same gjer renovasjonsavgifta til Simas. Satsane for foreldrebetaling til barnehage følgjer makssatsane i statsbudsjettet. Kommunale avgifter skal ikkje justerast i 2017.

Endeleg budsjettvedtak blir gjort i kommunestyret 15.desember.

Til toppen