GJEKK TAPT: Losjehuset frå 1906 gjekk tapt i brannen i januar 2014. Arkivfoto: Anne Karin Skjær
GJEKK TAPT: Losjehuset frå 1906 gjekk tapt i brannen i januar 2014. Arkivfoto: Anne Karin Skjær

Vil heller ha bustader enn nytt Losjehus

Formannskapet i Lærdal ser eit større behov for ei sentrumnær tomt enn å attreise forsamlingslokalet Losjehuset.

Losjehuset i verneområdet på Lærdalsøyri gjekk tapt i storbrannen i 2014. I attreisingsprogrammet er det løyvd 1,2 millionar til å attreise bygningen. For eitt år sidan kom også Lærdal ungdomslag med innspel til kommunen, som eig tomta, om å nytte tomta til minnestad for storbrannen. 

Fekk tilbake saka

Saka var oppe i formannskapet i fjor, som vedtok at attreising og framtidig bruk blir vurdert som ein del av tettstadsutviklingsprosjektet. Men då styringsgruppa for tettstadutviklinga ikkje ville ta med Losjehustomta i prosjektet, enda saka opp att i formannskapet 1. oktober.

Rådmannen tilråda at formannskapet skulle gi administrasjonen oppdraget med å utgreie om huset kunne attreisast som eit forsamlingshus, i tråd med reguleringa. I tillegg tilråda rådmannen at administrasjonen skulle sette i gang prosessen med å etablere ein minneplass for storbrannen på same tomta og at ei styringsgruppe blir sett til å utlyse ein konkurranse for å få fram idear for korleis ein brukar tomtene for ungdomshus og Losjehuset.

Nesten einige om å nytte tomta til bustader

Stein Vidar Nemeth (Sp) tykkjer ideen er god, men peikar på at kommunen alt eig for mange bygningar. Heller ikkje Gro Starheimsæter (Sp) såg poenget med å bygge oppatt eit nytt forsamlingshus. 

– Huset er vekke. Det er fine sentrumstomter og eg tykkjer me skal legga den ballen død, seier Starheimsæter, som kom med framlegg om erstatta første del av tilrådinga frå rådmannen. 

Artikkelen held fram under biletet

MINNER OM HISTORIA: Jan Olav Fretland ber innstending om at ein respekterer historia til Losjehuset, og gjekk heller for tilrådinga til rådmann enn framlegget frå Gro Starheimsæter (Sp) om å nytte tomta til bustader.
MINNER OM HISTORIA: Jan Olav Fretland ber innstending om at ein respekterer historia til Losjehuset, og gjekk heller for tilrådinga til rådmann enn framlegget frå Gro Starheimsæter (Sp) om å nytte tomta til bustader.

Også Trond Øyen Einemo (H) syntest at Losjehustomta heller bør bli nytta til budstader, då dei 1,2 millionane som er løyvd ikkje er nødd til å gå til nytt Losjehus. Ordstyrar Geir Berge Øverland (Ap) sa seg også einig med Starheimsæter.

Framlegget frå Starheimsæter var vedteke med fire mot ei røyst, då Jan Olav Fretland (Sv) stemte for tilrådinga frå rådmannen. 

Vil ikkje spikra plassering av minneplass

Øverland seier han ikkje tykkjer ei så stor tomt i sentrum skal vera ein minneplass, og at det i så fall er meir aktuelt å legge det i tilknyting til kulturhuset. 

– Det var trass alt ingen som gjekk med i brannen, så me treng ikkje eit stort monument, seier Øverland. 

Einemo tykkjer at minneplass bør ut av saka om losjehustomta. Fretland kom med framlegg om at formannskapet gir administrasjonen oppdraget med å sette i gang prosessen med å etablere ein minneplass etter storbrannen, utan at det er knytt til Losjehustomta. Det vart samrøystes vedteke. 

Sakutgreiinga finn du her. 

Til toppen