Henny Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim, kommunestyrerepresentantar for Sogndal Arbeidarparti.
Henny Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim, kommunestyrerepresentantar for Sogndal Arbeidarparti. (Foto: Privat)

MEININGAR

Vil ikkje at barnehageplassane i Sogndal skal sentraliserast

– Kvifor skal Senterpartiet og ordførar Arnstein Menes sentralisera barnehageplassane i Sogndal kommune? Spør Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Stig Ove Ølmheim, i meiningsinnlegget.

Sogndal: Skal Sogndal kommune vera ein attraktiv kommune å bu og busetja seg i, må me ha full barnehagedekning. Då snakkar me også ut over dei som har lovfesta rett. Barnehageplass og bustad er to grunnleggande faktorar for familiar når verksemder konkurrerer om arbeidskraft. Utan bustad og barnehage vel familiane gjerne andre stadar å busetje seg.

Det blei etablert to mellombelse avdelingar ved Kjørnes barnehage i 2018. Desse har fungert godt midt i det nye byggjefeltet på Kjørnes. Mange av foreldra har gått eller sykla for å levere i barnehagen, nett som målsetjingane til Sogndal har vore. Foreldra seier at borna har høg trivsel.

Omsynet til borna og familiane må vega tungt. Kjørnes barnehage er ein svært viktig samlingsplass for bustadfelta, og me skal ikkje undervurdere verdien for borna ved å gå i ein barnehage i lokalmiljøet. Det vert ei belastning for borna å byte barnehage, det kan føre til stress og utryggheit. Me meiner at det vert feil å tvangsflytte borna og lurar på kvifor me skal endra noko som fungerer.

Vert dette tilfelle er det meiningslaust å legge ned to avdelingar på Kjørnes, for å fylle opp nye Fosshagen barnehage, samstundes som ein startar prosessen med å planlegge endå ein barnehage i sentrum.

Me veit at barnehagekapasiteten på Kaupanger er sprengt, og at me treng ein ny barnehage der, men fram til ein har fått på plass auka kapasitet på Kaupanger er Kjørnes barnehage eit viktig supplement. Det tek langt kortare tid å køyra frå Kaupanger til Kjørnes, enn frå Kaupanger, gjennom sentrum og opp til Fosshagen i «rushtida». Ei tvangsflytting av born frå Kjørnes barnehage til Fosshagen vil også gje auka trafikkbelastning gjennom Sogndal sentrum.

Fosshagen Barnehage vert ein veldig flott barnehage, men allereie før den vart endeleg vedteke bygd, vart det småsnakka i politiske fora om at ein må byrje å sjå etter tomt for endå ein barnehage i Sogndal sentrum. Vert dette tilfelle er det meiningslaust å legge ned to avdelingar på Kjørnes, for å fylle opp nye Fosshagen barnehage, samstundes som ein startar prosessen med å planlegge endå ein barnehage i sentrum. Det vert i så fall ein rein sentralisering av barnehageplassane i Sogndal.

Når me ser kor godt avdelingane på Kjørnes har fungert bør me ikkje låsa oss til eit vedtak som ikkje tek omsyn til den store auken av bustadar i byggefeltet rundt barnehagen.

Sogndal Kommune bør ha som mål at flest mogleg born går i barnehage i nærmiljøet sitt, både med omsyn til borna sin tryggleik, det som er mest praktisk for foreldra, og med tanke på miljø med gå- og sykkelmoglegheiter til barnehagen. Når me ser kor godt avdelingane på Kjørnes har fungert bør me ikkje låsa oss til eit vedtak som ikkje tek omsyn til den store auken av bustadar i byggefeltet rundt barnehagen.

Det er barnetalet på Kjørnes som må vera avgjerande for tilbodet der. Me håpar på vekst og auka barnekull i Sogndal, me håpar på trivsel og gode lokalmiljø. Då kan me ikkje legga ned godt fungerande barnehageavdelingar for kortsiktig sparing. Då sparar kommunen seg til fant.

Til toppen