HER: Om det blir pelletsfabrikk på dette området, som no er regulert til næring så det kan koma industri her, kjem an på resultata av analysane og undersøkingane som blir gjort frå Simas og Ecoinowaste si side no. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
HER: Om det blir pelletsfabrikk på dette området, som no er regulert til næring så det kan koma industri her, kjem an på resultata av analysane og undersøkingane som blir gjort frå Simas og Ecoinowaste si side no. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

– Vil ikkje bli problem med lukt, avrenning eller utslepp

– Det vil bli noko støy frå tømmerhandteringa, men mykje av dette kan løysast på gode måtar, skriv EcoInowaste i ei pressemelding.

Lærdal: Finansiering av prosjektet, avklaring av lokalisering, marknadsvurderingar, avklaring av detaljar knytt til utforming og teknologi opp mot miljø og drift – og lønsemda til prosjektet.

Desse momenta har Simas og Ecoinowaste jobba med i dei siste månadane, går det fram av ei pressemelding. Det er resultatet av dette arbeidet som vil munna ut i ei samla vurdering  om kor vidt det let seg gjera å etablere verksemda. 

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

KJEM MED AVKLARINGAR: Styreleiar i EcoInowaste, Hallvard Thomassen. Arkiv
KJEM MED AVKLARINGAR: Styreleiar i EcoInowaste, Hallvard Thomassen. Arkiv

– Arbeidet med desse avklaringane er no komen så langt at me kan vera tydeleg på at det ikkje vert luktproblem, avrenning til elva eller utslepp til luft som medfører ulempe til nærmiljøet. Det vil kome vassdamp frå anlegget som kondenserer i lufta. Dette vil vere mest synleg om vinteren, står det vidare i pressemeldinga signert Hallvard Thomassen, styreleiar i EcoInowaste AS.

 – I tillegg vil det bli noko støy frå tømmerhandteringa. Men mykje av dette kan løysast på gode måtar, og det er målet vårt, skriv Thomassen vidare.

Småskalaanlegg

Debatten har rasa rundt planane om ein fabrikk plassert i Håbakken som nyttar forbrenning av avfall til å framstilla pellets.

Les også: Kva vil me med Håbakken?

Les også: Folkemøte om Håbakken - Mange var litt skuffa

– Spørsmålet har heile tida vore kvifor me ikkje kan etablera arbeidsplassar lokalt, i staden for å eksportere råstoff som i neste omgang skapar arbeidsplassar basert på vårt råstoff i utlandet. For å lukkast må me søke etter teknologi som kan nyttast i småskala anlegg.

Men dette er krevjande fordi eventuelle nye småskala anlegg vil konkurrera med etablerte storanlegg, forklarar Thomassen:

–  Difor må våre konsept vera tufta på andre konkurranseflater enn dei store anlegga som er bygd – eller er bygd og har gått konkurs. I tillegg må småskalanlegg kunna etablerast i nærleiken av dei som skal nytta produktet, her prosessvarme, slik at ein unngår kostnadskrevjande infrastruktur.

– Samanlikning med større anlegg ikkje relevant

Mykje av debatten har dreia rundt korleis nærmiljøet i Håbakken vil bli påverka; om det blir mogleg for naboane å bu her, kva det vil få å seia for fisket i elva, korleis ein slik fabrikk vil gå saman med planane om publikumsretta verksemder på Håbakken 1 – området lengre aust der mellom anna Vegvesenet sin kontrollstasjon står.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: – Naboane skal vera skadelause

Les også: Dette er støygrensene

Thomassen er klar på at ein må skilja mellom ulike typar anlegg her:

– Her må me redusera skjemmande lukt, støy og utslepp i nærområdet i langt større grad enn for store anlegg som ligg langt frå folk. Samanlikning med andre anlegg er difor ikkje relevant. Lukkast ein med småskala anlegg kan dette gi store ringverknader i andre områder med likande utfordringar som me har i vår region. 

– Uheldig at reguleringsplanen ikkje har vore klar

Under kommunestyremøtet torsdag, der reguleringsplanen for det aktuelle området, Håbakken II, vart vedteken, peika fleire av politikarane på ei uheldig samanblanding av reguleringsplan og planar om pelletsfabrikk.

Les også: No kan det bli industri i Håbakken

Også Thomassen meiner dette har vore ei uheldig samanblanding, og forklarar vidare korleis selskapet han er styreleiar for har stilt seg til dette:

– Sidan reguleringsplan ikkje var gjennomført måtte Ecoinowaste vera tydeleg på at dette arbeidet måtte prioriterast frå kommune si side. Tid er viktig i samband med næringsetablering, uansett om det er vårt prosjekt eller andre prosjekt. Reguleringsplan er Lærdal kommune sitt verktøy for å styre utviklinga i Håbakken. Dette er ikkje Ecoinowaste del av. 

Artikkelen held fram under biletet

VEDTEKEN: Kommunestyret i Lærdal vedtok førre veke reguleringsplanen for Håbakken II; her stemmer politikarane om kor vidt fabrikkpiper kan byggjast uavgrensa høgt eller ikkje. Arkiv
VEDTEKEN: Kommunestyret i Lærdal vedtok førre veke reguleringsplanen for Håbakken II; her stemmer politikarane om kor vidt fabrikkpiper kan byggjast uavgrensa høgt eller ikkje. Arkiv

Kommundelplan for Tønjum og Ljøsne alt i 2011 sette av areal til etablering av næringsaktivitet på Håbakken. Men reguleringsplanen for det aktuelle området vart altså ikkje vedteken før torsdag som var.

Reguleringsplanen burde ha vore på plass for lengst, meiner Thomassen:

– Skal ein lykkas med næringsutvikling i ein kommune må planarbeidet heile tida vere i forkant slik at mogeleg etableringar raskt kan avklarast. Reguleringsplan er særdeles viktig for naboar, lokale aktørar og ikkje minst den som vurderer etableringa. Dette er ikkje tilfelle i Lærdal, og ein må difor køyra mange parallelle prosessar i å avklare mogeleg etablering.

Les også: Håbakken og hamn – frå tysst til press

Og at prosessane har gått parallellt på dette viset har gjort prosessen meir uryddig enn nødvendig, går det fram vidare av pressemeldinga:

– Dette er svært uheldig då ein ikkje veit kva krav og forventingar i reguleringsplan som skal stettast, samt at ein då ikkje får avklara viktige forhold som både grunneigarar, naboar, samarbeidspartnarar og myndigheiter spør etter.

Vil vera katalysator for fleire etableringar på Håbakken

I tillegg til nye arbeidsplassar er målet med anlegget at det skal bli eit visningsanlegg for denne typen småskala forbrenningsanlegg.

–Me ønskjer at prosessvarmen me produserer kan nyttast til etablering av andre verksemder på Håbakken. Me ønskjer å vera ein katalysator for dette arbeidet, og at dette skal bli ei «open og rein» verksemd der det vert mogeleg å sjå kva type prosessar og aktivitetar som er på gang med vekt å både læring og kompetansebygging.

Les også: – This is the future

– Me håpar å skapa eit anlegg som medfører auka besøk og interesse for Lærdal - Den Grøne Kommunen, og den fornybare regionen som me bur i. Dette er det mogeleg å få til, om me legg forholda til rette for det, avsluttar Thomassen

Til toppen