INGA ENDRING: Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti er samde om at dagens ordning med konsesjonskraft og konsesjonsavgift fungerer etter intensjonen. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
INGA ENDRING: Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti er samde om at dagens ordning med konsesjonskraft og konsesjonsavgift fungerer etter intensjonen. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Vil ikkje endre konsesjonskrafta

Dagens ordning med konsesjonskraft og konssjonsavgift blir vidareført.

Indre Sogn: Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristelig folkeparti har blitt samde om at dagens ordning med konsesjonskraft og konsesjonsavgift fungerer etter intensjonen.

Dermed går dei imot regjeringa sitt forslag om å setja ned ei gruppe for å vurdere om regelen med konsesjonskraft og konsesjonsavgift skulle forandrast, slik det gjekk fram av Energimeldinga.

URO: Bjørn Lødemel seier det har skapt uro i mange kommunar at ein ville sjå på ordninga med konsesjonskraft og -avgift.
URO: Bjørn Lødemel seier det har skapt uro i mange kommunar at ein ville sjå på ordninga med konsesjonskraft og -avgift.

– Skapt uro

Ei slik endring ville gitt store konsekvensar for kraftkommunane, som det finst mange av i Sogn og Fjordane.

– Det har skapt uro i mange kommunar at ein skulle sjå på ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Desse inntektene betyr mykje for dei kommunane som har store kraftutbyggingar, seier Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i ei pressemelding. 

– Sjølv om det kanskje ikkje har vore meininga å gjere store endringar er det svært bra at dette no blir lagt til side, og at dagens gode ordning kan halde fram.

Viktige inntekter

Føremålet med konsesjonsordningane er å sikre vertskommunane ein del av verdiskapinga som vasskraftutbygging gir grunnlaget for. Det betyr også store inntekter for kommunane.

– Sogn og Fjordane er eit stort kraftfylke, og desse inntektene er svært viktige for dei kommunane som har bygt ut kraftressursane sine. Konsesjonskraft og konsesjonsinntekter er eit viktig grunnlag for utbygging av rein fornybar energi, og eg er glad for denne avklaringa, seier Lars Svein Drabsløs (Frp).

Desse inntektene er også ein kompensasjon for dei inngrepa som blir gjort i samband med kraftutbygginga.

– Krf er glad for at regjeringa tek høyringsinnspela på alvor og at det ikkje blir endringar på ordninga med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Dei områda som tek "ulempa" med utbygging skal også ha kompensasjonen, legg Trude Brosvik (Krf) til. 

Til toppen