Trude Brosvik i Gulen KRF har i lag med KRF i Masfjorden, Høyanger vil at ullukessvingen på E39 skal bli betre.
Trude Brosvik i Gulen KRF har i lag med KRF i Masfjorden, Høyanger vil at ullukessvingen på E39 skal bli betre. (Bilde: KrF)

Vil ikkje ha fleire ulukker i same svingen - krev at det blir utbetra

Trude Brosvik, og KRF i Ytre Sogn meiner at noko må bli gjort med svingen på E39, før det skjer endå ei ulukke.

Gulen: – Eg skjøna ikkje visst regjeringa ikkje vil gjere noko med dette. Dei har gode visjoner om null drepte i trafikken i Noreg, og det her er ein enkelt ståande og heilt klar farleg sving, seier Trude Brosvik. 

Denne veka hadde Høyanger-, Gulen- og Masfjorden KrF felles årsmøte og skreiv ein uttale der dei krev utbetring av ulukkes-svingen på E39 gjennom Gulen. 

– Dei er nødt til å gjere noko her, seier ho.

Lei av å måtte rykke ut 

Det er svingen når du kjem frå Kringla og oppover mot Gulen, ved Dueelva. Det blir kalla den verste svingen mellom Bergen og Sogn for dei som køyre der regelmessig. Ho nemner òg at lokale brannvesen er leie av å måtte rykke ut heile tida til den plassen, utan at noko blir gjort. 

– Alle har køyrt ut på same plass. Nokon tok salto over rekkverket, nokon braste i gjennom. Og motorsyklisten overlevde desverre ikkje, seier ho.

Tilsaman har det vore 5 ulukker, der ei av dei resulterte i dødsfall. Sjølv om det er nedsatt fart til 60, så meiner det svingen må leggast om.

– No er ikkje eg nokon ekspert på korleis det kan løysast, men eg tenke at heile svingen må leggast om. Den verkar som den er feil dimensjonert, seier Brosvik. 

No har dei skrive uttalen som skal ut til blant anna media, og stortinget. 

Til toppen