VIL HALDA FRAM: Leiv Jarle Bergheim (Ap) tykte det ville vera for gale å stoppa bassengplanane, trass stor kostnadssprekk.
VIL HALDA FRAM: Leiv Jarle Bergheim (Ap) tykte det ville vera for gale å stoppa bassengplanane, trass stor kostnadssprekk. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Vil ikkje kutta i bassengplanane, trass mangemillionarssmell

Formannskapet i Aurland sa torsdag samrøystes ja til å gå vidare med oppgradering av bassenget til ein prislapp på nærare 60 millionar kroner. Men ein viss skepsis vanka hjå somme politikarar.

Aurland: – No har det fleire gonger vorte veldig mykje høgare pris enn utgangspunktet var i anbodsrunden. Burde det leggjast inn ein buffer? Det er kjedeleg at me stadig kjem opp i desse situasjonane, sa Monica Gjesdal Larsen i formannskapet i Aurland torsdag.

Kommunestyret vedtok før jul å gå for den mest omfattande oppgraderingspakka for bassenget i idrettshuset. Utgangspunktet då var ein pris på 43 millionar kroner. Etter endt anbodsrunde har kostnadane auka til 58,5 millionar kroner.

Rådmann Steinar Søgaard forklara korleis dette hadde skjedd

– Det er litt fordyrande med sklier og anna som er lagt til, men hovudsakleg går fordyring på generelt auka byggjekostnadar. Det finst fleire moglegheiter her; ein kan stoppa det heile eller omprosjektera, for eksempel ta vekk terapibadet på rundt 8 millionar kroner. Mi tilråding er likevel at ein går vidare med planane trass dei auka kostnadane, men då må det sjåast i samanheng med andre investeringsplanar framover. 

– For gale å stoppa dette no

OPPGRADERING: Bassenget i idrettshuset i Aurland får eit stort ansiktsløft. Og det vil kosta pengar.
OPPGRADERING: Bassenget i idrettshuset i Aurland får eit stort ansiktsløft. Og det vil kosta pengar.

Sturle Ryum (Sp) utviste også ein viss skepsis ettersom prosjektet har vorte vesentleg dyrare enn sist det var innom politikarane, men meinte at å ta vekk terapibadet ville vera ei dårleg løysing.

– Det er nærast ei forventing blant folketr at terapibadet kjem. Me må ta ein runde på kor mykje me sparar på drifta til saman gjennom ulike prosjekt me no investerer i – til dømes har eg skjønt me skal kunne spara vesentleg på drifta med den nye barnehagen.

Les også: Då var plasseringa av barnehagen endeleg bestemt

Leiv Jarle Bergheim (Ap) var klar på at bassengprosjektet bør halda fram med uforminska styrke

– Eg tykkjer det er gale å stoppa dette no, for det blir i alle fall ikkje billegare. Me treng dette.

Lågare driftskostnader

Rådmannen forklara også at noko av poenget med oppgraderinga er lågare driftskostnader:

– Bassenget me har i dag brukar mykje straum og så vidare. Men så kjem det også eit terapibad som eit tilleggsmoment oppi dette. Samstundes er det ein samfunnsrekneskap oppi dette.

Formannskapet vedtok i alle høve samrøystes tilrådinga frå rådmannen om å gå vidare med prosjektet trass kostnadssprekken. Saka skal opp til endeleg avgjerd i kommunestyret 14. september.

Til toppen