INGEN ENDRINGAR: Frå 1. januar trer nærpolitireforma i kraft, men Magne Knudsen fortel at dette vil ein ikkje merke på lensmannsstruktur og -kontor. Den prosessen kjem først i 2017. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
INGEN ENDRINGAR: Frå 1. januar trer nærpolitireforma i kraft, men Magne Knudsen fortel at dette vil ein ikkje merke på lensmannsstruktur og -kontor. Den prosessen kjem først i 2017. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Vil ikkje merke politireforma i 2016

Publikum og lensmannskontora vil ikkje merke noko til nærpolitireforma i 2016.

Årdal/Lærdal: Frå 1. januar trer nærpolitireforma i kraft, og Noreg får tolv nye politidistrikt i staden for dei 27 som er i dag. 

Reforma har vore heftig diskutert, og meiningane er mange om korleis politiet skal organiserast. Det kan også innebere at lensmannskontor forsvinn. I dag er det kontor i både Årdal og Lærdal.

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier både dei tilsette hjå han og publikum vil merke lite til endringane neste år.

Ingen endringar i 2016 på lensmannsstruktur

– No blir det ein prosess i 2016 der ein skal etablere nivå to, altså leiarstrukturen. For Sogn og Fjordane vil det bli den same drifta i 2016 som i 2015, og så er det opp til den nye politimeisteren og hans stab, med involvering frå kommunane, om korleis det blir sjåande ut i framtida, seier han.

– Det blir ingen endringar på lensmannsstruktur eller -kontor. Den kjem i 2017, legg han til. 

Det er Kaare K. Songstad som er tilsett som politimeister for distrikt Vest, der hovudsetet vil vere i Bergen. Målet med reforma er å skape auka tryggleik der folk bur og ferdast i det daglege. Dessutan skal politiet bli meir effektivt.

– Må ikkje gløyme generalisten

I distrikta fryktar ein at dette vil slå ut i andre retninga med mindre synleg politi og lengre utrykningstid til dømes dersom noko alvorleg skjer. Knudsen fortel at har tru på at det blir ein god prosess med involvering av kommunane. 

– Og så får eg håpa at nærpolitimodellen er ei reform der publikum ikkje blir skadelidande, men får betre tenester, legg han til. 

– Eg skjønnar at ting utviklar seg og er i endring, men eg håpar at dei som skal styre oss vidare tar med seg erfaringar frå dei siste 15 åra og byggjer vidare på det og at ikkje nærpolitibiten blir skadelidande. Me skal ha fagpersonar, det er viktig, men me skal ikkje gløyme generalisten. 

Til toppen