Vil ikkje reise heim frå fest
(Foto: Illustrasjon)

Vil ikkje reise heim frå fest

Men då politiet kom, var vedkommande ikkje vond å be.

Sogndal: Det har vore ei forholdsvis roleg natt for politiet inst i Sogn, men eitt oppdrag har det likevel vore. 

I Sogndal var det ein berusa gjest som nekta å forlate ein utestad då klokka nærma seg 01.00, skriv politiet.

Men då politiet kom, tok personen raskt til fornuft. Saka vart ordna på staden, og vedkommande reiste omsider.

Til toppen