SEIER NEI: Kåre Mentz Lysne (Ap) meinte ein ikkje såg på heilskapen i samfunnet ved å feriestengja barnehagane to veker i juli i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SEIER NEI: Kåre Mentz Lysne (Ap) meinte ein ikkje såg på heilskapen i samfunnet ved å feriestengja barnehagane to veker i juli i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil ikkje stengje barnehagane i ferien

Formannskapet i Lærdal seier nei til å stengje barnehagane i Lærdal i to veker om sommaren.

Lærdal: I framlegget til nye vedtekter vert det mellom anna lagt opp til er kortare opningstid om ettermiddagen og at barnehagane skal stengjast dei to siste vekene i juli.

Ei kortare opningstid kunne dei folkevalde i formannskapet vera med på, men å stengja barnehagen heilt i to veker om sommaren sa dei nei til. Kåre Mentz Lysne (Ap) innrømma at han vart litt skuffa då han las saka.

– Årsaka til det er at det ikkje vert sagt noko om kvifor me har det slik med opningstider og dei samfunnsmessig konsekvensane av å endra dei. Me veit at helse og omsorg er den største arbeidsplassen. Me veit barnetalet går ned. Me veit det er ein alderssamansetnad innanfor helse og omsorg som gjer at mange går ut i pensjon dei neste åra.

– Me må rekruttere barnefamiliar. Kva er eigentleg konsekvensane av dette? Jo, med feriestenging betyr det at innanfor helse og omsorg, der dei ikkje kan bestemme ferie, så kan ein familie berre ta ferie saman kvart tredje år. Eg har fått fleire konkrete førespurnader frå folk som seier dei ikkje kan bu i Lærdal viss det blir slik, sa han og meinte dette var å sage av ei av greinene dei sit på ved å gjennomføre dette.

Innsparingar

I dag er barnehagane i Lærdal opne frå 06.45 til 16.30. I framlegget vert dette endra til 06.45 til 16.00, altså ei innsparing på ein halvtime om ettermiddagen. 

Framlegget kjem som ein konsekvens av «store budsjettreduksjonar dei siste åra», går det fram av saksutgreiinga. Det er først og fremst på bruken av ferievikarar ein vil hente inn mange kroner. I 2015 blei det brukt 170 000 kroner på ferievikarar, men budsjettet for 2016 gir i ramme på berre 50 000 kroner.

– Me føler me har gjort ei grundig vurdering og har spurt foreldra, som eg meiner er minst like mykje verdt som akademiske vurderingar. I Årdal har dei Hydro og Norsun og likevel ei kortare opningstid, sa leiar for oppvekst Torunn Liltvedt. 

Ja og nei

Dei folkevalde vart til slutt samde om å gå inn for å korte ned på opningstidene, men bad administrasjonen finne andre innsparingsløysingar slik at barnehagane held opne i ferien. 

– Eg kan vera med på den, men med fare for å snu i kommunestyret. Eg må ta det opp med kommunestyregruppa vår først, sa Trond Øyen Einemo (H). 

Til toppen