Vil ikkje vera med og betala for flyhangar

Vil ikkje vera med og betala for flyhangar

John Normann Melheim og Arbeidarpartiet kan gjerne vera med og betala for prosjektering, men ikkje noko meir.

Årdal kommune har i likskap med dei andre kommunane i Sogn regionråd blitt invitert til å vera med på eit spleiselag for å få bygd ein flyhangar på Sogndal lufthavn.

Dette er ein del av strategien for å få betre regularitet på morgonflya til Oslo og Bergen. Prosjektkostnaden er på 400 000 kroner, der Avinor tek halvparten, medan resten er fordelt på kommunane. Alle kommunane må betala 16 000, og så kjem det ein variabel sum i tillegg. For Årdals del er den på 17 556 kroner.

I formannskapet førre veka gjorde John Normann Melheim og Ap-gruppa det klart at dei gjerne blir med på å finansiera prosjekteringa, men ville allereie no gi signal om at dei ikkje vil vera med på å betala for sjølve hangaren.

– Ap-gruppa vil vera veldig klare på at viss me igjen strekker oss så langt på eit regionalpolitisk ståstad at me vil vera på eit spleiselag til prosjektering, så må det definitivt vera flyplasseigaren si oppgåve å foreta dei prosjekterte investeringane i neste omgang, sa han.

– Me leser dette slik at det kjem ein investeringsfase, og då er det riktig å gi desse signala no, ikkje minst overfor våre innbyggjarar og våre tilsette som har vore med på ein kjempedugnad når det kjem til det å komma seg gjennom tøffe økonomiske tider. 

Lite brukt

Han fremja difor eit eige punkt to som sa at kommunen på grunn av økonomiske utfordringar ikkje kan delta i ei eventuell delfinansiering av ein flyhangar. 

– Årdal kommune har sett prinsipielt på det og vore aktiv uavhengig av adresse til prosjektet. Ein har valt å støtta opp under regionale tiltak reint regionalpolitisk. Dette er reint egoistisk eit marginalt regionaltilbod. Det er eit viktig infrastrukturtiltak, men bruken frå Årdals innbyggjarar er begrensa, heldt han fram og fortalte at kommunen tidlegare har prøvd å leggja til rette for auka trafikk med betra buss- og drosjetilbod utan hell.

– Ein må få tillata seg å seia at eigaren sjølv ikkje legg forholda til rette at når det er så mangelfull infrastrukturforsyningar, så blir det innført parkeringsavgift som ligg på nivå med det høgste i landet vårt. Då inviterer ikkje du til auka bruk av flyplassen.

Viktig tilbod

Det første punktet var politikarane samstemt einige om. Framlegget til Melheim derimot, røysta Aleksander Øren Heen (Sp) imot.

 

– Her kom nokre moment som eigentleg overraska meg ein del. Eg ser, og Senterpartiet ser, på flyplassen anten han ligg her eller der, så er det den nærmast me har. Det er eit viktig infrastrukturelement, ikkje minst for næringslivet rundt oss. 

– Me har støtta varmt opp om denne tidlegare, og eg ser på det å få på plass hangar som viktig for å sikra framtida flyplassen no i dei diskusjonane det blir lagt opp til rundt flyplasstruktur, sa han.

– Vil ikkje vera avvisande

Heen la til at han ikkje ville vera så kategorisk avvisande til medfinansiering før tala for dette låg på bordet. 

– For meg er eit godt flyplasstilbod viktigare enn å signalisera motstand mot Sogndal eller kva som er motivet for dette, la han til, noko Melheim svarte på.

– Eg kjenner mine signal best sjølv, og dei er heilt klare på at den regionale solidariteten forventar eg av oss i Årdal, men også av andre uavhengig av adresse på spleiseprosjekta. Det står eg inne for, og det reknar eg med representanten Øren Heen tek med seg.

Saka skal opp for kommunestyret i Årdal torsdag denne veka.

Til toppen