UTVIKLING: Gründer Arnt Erik Henjum håpar å koma inn på Vinmonopolet med Tya-ølet i løpet av 2016. Arkivfoto
UTVIKLING: Gründer Arnt Erik Henjum håpar å koma inn på Vinmonopolet med Tya-ølet i løpet av 2016. Arkivfoto

Vil inn på polet

Blir det som Tya-gründerane håpar på kan du i løpet av året kjøpa med deg sterkare årdalsøl enn 4,7% heim.

– Ølet blir fyldigare og får ein skikkeleg "kropp" når den er mellom fem og seks prosent kontra fire komma sju. Me har sterkare øl på Tya-baren og ein del serveringsstader, men per no kan ein altså ikkje ta med seg ei flaske Tya-øl over butikkstyrke heim. Og det er jo synd, seier Tya-gründer Arnt Erik Henjum.

– Blir noko spennande

Dei har eit standardsortiment på fem sortar, og i tillegg sesongøl dei slepper fire gonger i året. No er ølet "Sommar" i butikkane, og dette har dei allereie seld 2000 liter av. "Sommar" er ein såkalla Kölsch - eit svært lyst øl med opphav frå Køln i Tyskland. Men du kan altså berre kjøpa med deg butikkutgåva heim.

– Me har den med fem komma fem prosent i baren vår - det er akkurat same resept, men med litt meir malt. Eigentleg meiner me ein burde heva alkoholgrensa for øl i butikk.

Men dette rår naturlegvis ikkje Tya-karane over. Likevel kan du truleg få kjøpa sterkare Tya-øl med deg heim i løpet av året.

– Å koma inn på polet med ølet vårt i 2016 er målet. No jobbar me med sortimentet og designet. Kanskje skrur me heilt om og kjem med ein ny serie og eit nytt tema. Noko spennande blir det, i alle fall.

Det er eit aldri så lite øleventyr på gang i industribygda. Dei starta opp i fjor og selde 24 000 liter frå juli og ut året. Dei første fem månadane i år har 20 000 liter Tya-øl gått ut til ølglade kundar, og då er januar til mars rekna som heller labre månader i følgje Henjum.

– Målet er å ekspandera sakte og kontrollert. Me håpar å koma opp på seksti til sytti tusen liter øl i året. Teknisk har me ein makskapasitet på hundre tusen liter, men mannskapsmessig klarar me ikkje å produsera så mykje. Så no ser me oss om etter ein bryggjar.

Artikkelen held fram etter biletet

SORTIMENT: Tya jobbar no med sortimentet og temaet for polutvalet dei planlegg. Arkivfoto
SORTIMENT: Tya jobbar no med sortimentet og temaet for polutvalet dei planlegg. Arkivfoto

– Jobbar for same sak

Men øleventyret utspelar seg ikkje berre i Årdal. Over heile landet har mikrobryggeri poppa opp som ølkorkar dei siste åra. Berre i Indre Sogn har me tre - Ægir i Flåm, Balder på Leikanger og altså Tya. Ein skulle kanskje tru dei som starta først og er størst - Ægir - såg med ein viss irritasjon på at stadig fleire hyv seg på bølgja. Men Ægir-gründer Evan Lewis ser heilt motsett på det.

– Bokstaveleg tala er me konkurrentar. Men står saman og jobbar for same sak - godt øl og stort mangfald.

Saman med kona Aud Melås grunnla han Ægir i 2007 - altså for ni år sidan. Med over tjue ølsortar - både i butikk og på pol - massevis av prisar og utmerkingar, mellom anna som beste bryggeripub tre år på rad og fleire VM-medaljar i ølbrygging, er Ægir av dei større mikrobryggeria i landet. Blant bryggeria på Vinmonopplet har dei tredje størst sal, berre slegne av Nøgne Ø og Kinn. Ægir har ekspandert kvart år og nærmar seg ein million liter øl produsert og seld i året. 

Også på utviklingssida er Ægir eit føregangsbryggeri. Nyleg erstatta dei flaska med boks for åtte av ølsortane sine, og same vegen vil det gå for fleire sortar i løpet av året. Og det er ikkje vanlege ølboksar, men med såkalla "360 end". Det vil seia at ein opnar heile toppen av boksen, noko som skal gjera det betre å drikka frå den, ein slepper inn meir luft til ølet - noko som utviklar smaken - og det er enklare å unngå botnfall. Berre nokre få av poløla til Ægir vil bestå på flaske.

– Det er ei stor omlegging, og utruleg mykje arbeid. Men boks er framtida - det er meir miljøvennleg og betre for ølet fordi boksane er lystette, forklarar Lewis.

– Nærmar seg kanskje ein topp

Når Tya no framleis er i oppstartfasen set Henjum pris på at Lewis og Melås fungerer som støttespelarar meir enn ein konkurrent:

– Evan er veldig viljug til å læra vekk - me var inne hjå han før me starta opp. Og no kan me hjelpa kvarandre, mellom anna fekk eg låna nokre fat ei gong me gjekk tomme for det her, fortel Arnt Erik Henjum.

Sjølv om både Ægir og Tya er i vekst, trur Aud Melås ein kan byrja å nåmarknadspotensialet for mikrobryggeri. Det er no over 200 av desse registrert i Brønnøysundregisteret.  

– Det nærmar seg moglegvis ein topp. Samstundes er det gjerne slik at når ein har eit bryggeri i bygda eller byen, er ein lojal mot dette.

Og medan Tya altså jobbar med å koma inn på Vinmonopolet med ølet sitt, går også Ægir stadig nye vegar - no har dei produsert ein alkoholhaldig drikk dei fleste ser på som ein historisk kuriositet.

– Me fekk nyleg Matmerk sin kvalitetspris for mjøden me lagar. Den er laga av 100% norsk lynghonning. Det er på sett og vis sommarnyhenda vår, seier Melås. 

  

Til toppen