Kaupanger skule- og ungdomsskorps har omlag 40 medlem per i dag, og såg behovet for å investere i nye instrument.
Kaupanger skule- og ungdomsskorps har omlag 40 medlem per i dag, og såg behovet for å investere i nye instrument.

Vil investere i nye instrument

Kaupanger skule- og ungdomskorps såg behovet for å investere i nye instrument med ei auke i medlemstal.

Sogndal: – Me hadde planar om å investera i nye instrument, så me skreiv ein søknad som handla om innkjøp av det, seier Arnstein Hauståker frå Kaupanger skule- og ungdomsskorps. 

I lag med skulekorpsa på Leikanger, Hafslo og i Sogndal fekk dei tildelt 200.000 kroner frå Sparebanken Vest på Hjartebank som dei skal dele seg i mellom.

– Me hadde nokre midlar frå før, men med dette tilskotet kan me fullføre planane våre, seier han. 

Dei har allereie sendt inn bestilling på instrument som er på veg.

Eldsjeler held koken oppe

Skule- og ungdomskorps har greidd seg bra på Kaupanger som no har omlag 40 medlem, og 8 nye aspirantar i haust.

– Me får det bra til her. Me har nokre eldsjele opp i det her, og dei helde det gåande, seier han.  

Han nemner også at dei har ein dyktig dirigent med på laget, og ein instruktør for aspirantane som gjer ein god jobb med å få med folk. 

– Det er faktisk lettare å få med folk no enn for ein del år sida. Nokon er med på fleire ting, men me prøver å tilpasse slik at det høve til det, seier han. 

 

Til toppen