GIR IKKJE OPP: Fylkesordførar Jenny Følling vil snakka med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om køyreopplæring og det nasjonale fråvêrsreglementet. Arkivfoto
GIR IKKJE OPP: Fylkesordførar Jenny Følling vil snakka med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om køyreopplæring og det nasjonale fråvêrsreglementet. Arkivfoto

Vil kjempa for at køyreopplæringa blir unnateke tiprosentregelen

Fylkesmannen underkjende vedtaket i det fylkeskommunale utvalet - no vil fylkesordføraren ta saka til kunnskapsministeren

Indre Sogn: – Me meiner det var eit godt vedtak for våre elevar og vil jobba politisk for å få ei endring i fråvêrsreglementet på dette punktet, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring.

Utvalet vedtok i slutten av august at obligatorisk køyreopplæring som medfører fråvêr for vidaregåandeelevar ikkje skal teljast inn i den såkalla tiprosentregelen.

Les også: Fråvêrsregelen skal ikkje gjelde obligatoriske køyretimar

I det nye fråvêrsreglementet må ein ha under ti prosent fråvêr i kvart enkelt fag for å få karakter i alle faga. Etter dei nasjonale reglane blir fråvêr grunna obligatorisk køyreopplæring også rekna med når fråvêrsprosenten for elevane skal gjerast opp.

Vil helst møta ministeren sjølv

Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune la inn slik køyreopplæring som ein såkalla lokal velferdsgrunn - altså eit unntak frå dei nasjonale reglane.

– Me fekk ganske kjapt ein reaksjon frå Fylkesmannen, seier Torvanger.

Dermed vedtok hovudutvalet å utsetja saka i møtet tysdag. Men fylkespolitikarane vil køyra sitt syn til høgaste hald.

– I eit distriktsfylke som vårt er det spesielt vikti for elevane å ta lappen. Difor vil me finna betre løysingar enn slik det erlagd opp frå nasjonalt hald no. Dette er eit samla politisk miljø i Sogn og Fjordane einige om, så me har eit håp om å få til ei endring her.

Difor har fylkesordførar Jenny Følling førespurd kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om å få eit møte. Det har førebels ikkje lukkast, seier Torvanger.

– Me fekk tilbod om eit møte med statssekretæren, men datoane me blei tilbydde var under forhandlingane om regionreforma. Så førebels er ikkje eit møte endeleg avtala. Og me vil helst møta ministeren sjølv i denne saka.

 

Til toppen