SKAL KJEMPE: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H) (midten), seier han skal kjempe vidare for at kommunen hans skal få behalde lensmannskontoret. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
SKAL KJEMPE: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H) (midten), seier han skal kjempe vidare for at kommunen hans skal få behalde lensmannskontoret. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Vil kjempe vidare for å behalde lensmannskontoret i Aurland

Arbeidsgruppe meiner anten Årdal eller Lærdal bør få behalde lensmannskontoret sitt. 

Aurland: Måndag la ei arbeidsgruppe fram sitt forslag til plassering av tenestestader og deira tenesteeiningar. Her blir det mellom anna foreslått at lensmannskontoret i Aurland skal leggjast ned, men heller ikkje arbeidsgruppa klarar å bli samde om Årdal eller Lærdal skal få behalde sitt kontor. 

Det får ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), til å reagere. Han meiner framlegget ikkje tek høgde for reelt behov knytt til turisme og stor trafikk på E16. 

– Krav til respons vert ikkje ivaretatt. Det er ikkje godt nok i dag og kan bli verre. Sårbarheitsanalysen viser utfordringar knytt til sentralisering av tenestestader og få konkrete tiltak som kan kompensere for dette, seier han og varslar at Aurland skal kjempe vidare for å behalde lensmannskontoret. 

Vil lytte til innspel

Det er regionlensmann Arne Johannessen usamd i. Han meiner desse punkta er vurdert.

– Og så kan ein vera samd eller usamd i vektlegging. Eg har stor respekt for at me er i ein fase der ordførarar og lokalsamfunnet har ein jobb å gjere og vil argumentere med meir fakta. Det er bra og viktig. Eg har ikkje behov for å argumentere for eller i mot Distad, seier han og legg til at ein må lytte til innspela som kjem i den komande høyringsrunden. 

Artikkelen held fram under biletet.

INNSTILLING: Arne Johannessen (t.v.) meiner forholda i Aurland er godt nok vurdert. Om ti dagar kjem innstillinga frå politimeister Kaare Songstad. Arkiv
INNSTILLING: Arne Johannessen (t.v.) meiner forholda i Aurland er godt nok vurdert. Om ti dagar kjem innstillinga frå politimeister Kaare Songstad. Arkiv

Sett vekk frå at ting ser bittelitt klarare ut på sørsida av fjorden, er det for Sogn sin del lite nytt i rapporten. Det betyr at Sogndal og Vik framleis blir trekt fram som stader som vil få behalde lensmannskontoret sitt.

Manglar kjøtt på beinet

Så er spørsmålet om valet mellom Årdal og Lærdal vil vere endå tydelegare når politimeister Kaare Songstad legg fram si innstilling om ti dagar, eller om også han vil vente med å legge føringar her. 

– Mitt tips er at det vil stå slik (at det er uklart om Årdal eller Lærdal vert lagt ned red. anm.). Mi anbefaling er at me ikkje har grunnlag til å konkludere innan den 14. oktober. Det er eg heilt tydeleg på, seier Johannessen og utdjupar kvifor.

– Det gjeld mellom anna kontorlokalitetar. Det er veldig klart kva alternativ ein har i Årdal når det gjeld kontor, pris og det meste, men for Lærdal er ikkje dette like tydeleg.

Ikkje lenger asylmottak

Saman med framlegget frå arbeidsgruppa ligg det også ved ROS-analysar av alle kontora og stadene. Det er kjend at argumenta for Årdal går på folketal, industrisamfunn, ei Schengenhamn med 300 anløp i året og eit asylmottak.

Når det gjeld det sistnemnde, vart det klart i førre veke at dette vert lagt ned innan den 1. januar. 

– Korleis påverkar dette saka?

– Det vil eg ikkje spekulere, men det er ein faktor som er brukt ganske sterkt i argumentasjonen, som no endrar seg frå 1. januar. Utover det, vil eg ikkje spekulere, svarar Johannessen.

MANGE ARGUMENT: Årdal mistar asylmottaket sitt, men lensmann Magne Knudsen meiner det framleis er mange gode argument for at Årdal skal behalde lensmannskontoret sitt.
MANGE ARGUMENT: Årdal mistar asylmottaket sitt, men lensmann Magne Knudsen meiner det framleis er mange gode argument for at Årdal skal behalde lensmannskontoret sitt.

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier det framleis er mange gode argument for å velja Årdal.

Asylmottak kjem og går. Det er me klar over. Eg tenkjer at viss det skulle bli ny fluktningstraum, har det vore etablert eit godt mottak her. Hero har vore nøgd med Årdal. At mottaket forsvinn, er trist, men asylmottaket er berre eitt av fleire argument for å velja Årdal, seier Knudsen.

For ordens skuld er hovudargumentet for Lærdal at kommunen er plassert midt mellom Aurland og Årdal. 

Til toppen