Lærdal/ Oslo: – Det mest sannsynlege alternativet i saka no er å klaga inn den norske staten til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, seier John Christian Elden til Dagbladet.
Han er bistandsadvokat for Andrea Voll Voldum, og meiner det i saka der tre menn vart frifunne for anklagar om valdtekt mot lærdalsjenta har skjedd urett. Poenget til Elden er at saka ikkje burde ha stoppa i Lagmannsretten.
– Veldig tynt frå Statsadvokaten
– Den norske staten kan bli dømd for mangelfull oppfølging av pliktane til å gå til retten med saker der offer er involvert. Andrea har eit rettsvern og krav på å bli teken hand om på ein ordentlig måte som offer. Det betyr at ei sak skal forfølgjast så langt det er mogleg og forsvarleg å gjera det, seier han til Dagbladet.
Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea (21) i Oslo
Les også: Elden ber om å bli oppnemnd som bistandsadvokat for Voldum
Elden har også bede Riksadvokaten grunngje kvifor dei ikkje anka saka til Høgsterett.
– Førebels er det som har kome frå Statsadvokaten veldig tynt, og det byggjer på feil juridisk forståing.
Statsadvokat Jan Eivind Norheim, som førde saka der dei tre mennene enda med å bli frikjende for valdtektsanklagane, har sagt til Dagbladet at det ikkje føreligg sakshandsamingsfeil.