Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Vil kome i kontakt med joggar

Politiet har fått tips om at ein joggar har observert mannen som er sakna frå asylmottaket i Årdal. 

Politiet la for kort tid sidan ut melding på Twitter der dei ber om å kome i kontakt med ein joggar som kan ha sett mannen frå Eritrea som har vore sakna sidan torsdag 21. mai. Vedkomande blir oppmoda til å kontakte politiet ved å ringe 02800.

Mulig beskrivelse

Ut i frå den informasjonen Politiet har motteke, har dei gått ut med følgjande beskrivelse av klea til mannen:

- kvit jakke
- grå jeans
- grå hettegensar
- svarte sko

Politiet påpeikar at det ikkje er sikkert at alle fargar er riktig beskrive.

Mannen er 24 år, frå Eritrea og er ca. 170-180 cm høg.

 

 

Til toppen