TRUGA: Dersom forslaget til ny preshospital plan for Helse Førde vert vedteke som det er, kan det vere slutt for døgnambulansen i Lavik.
TRUGA: Dersom forslaget til ny preshospital plan for Helse Førde vert vedteke som det er, kan det vere slutt for døgnambulansen i Lavik. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Vil krevje å få behalde ambulansen i Lavik

Ordførarane i Høyanger og Hyllestad er samde om å sende brev til Helse Førde med krava til kommunane. Fleire kommunar stiller seg bak.

Høyanger: Helse Førde har i forslaget til ny prehospital plan føreslege å blant anna leggje ned døgnambulansen i Lavik. Den skal erstattast med flåtestyring frå Høyanger og Fjaler. Det vil seie at ambulansane må rykkje ut frå stasjonane der i staden for dersom det vert naudsynt. 

I kommunestyremøtet tysdag las ordførar Petter Sortland (Ap) opp ein interpellasjon frå Eirin Borlaug (Sp), som bur på Lavikdalen. 

– Stort engasjement

Borlaug skriv at ho aldri før har opplevd liknande engasjement i ei sak, og at ambulansen er tryggleiken innbyggjarane i Lavik og andre delar av kommunen har når dei bur langt frå helsetenestene. Sp-representanten meiner Helse Førde gamblar med liv og helse ved å byggje ned beredskapen i regionen.

Ho bad i interpellasjonen om ei forsikring frå ordføraren om at saka vert følgd opp frå kommunen og ønskte informasjon om kva som vert gjort vidare. 

Skal sende brev

Ordførar Petter Sortland skriv i eit svar at han saman med ordførar i Hyllestad, Morten Askvik (Sp) har hatt møte med ordførarane i Askvoll, Fjaler og Balestrand. Der poengterte dei at også Askvoll og Balestrand, som i dag er serva av ambulanse frå Fjaler og Høyanger, vil få dårlegare beredskap dersom dei ambulansane oftare vert sende vekk frå stasjonen. 

Ordførarane i dei tre andre kommunane vil difor støtte kravet frå Høyanger og Hyllestad om å få behalde ambulansen i Lavik. 

Sortland og Askvik har teke på seg å forfatte eit ope brev til Helse Førde om saka, som ein del av høyringsrunden som no pågår. Styret i Helse Førde skal gjere vedtak i saka i desember. 

Gulen skal dekkje sørsida

Ut frå forslaget til ny prehospital plan, er det også meininga at Høyanger sørside skal verte dekt av ambulansen i Gulen og Masfjorden, ifølgje Sortland. Han har sjølv kontakta Helse Førde for å få vite kva som vil skje med ambulansedekninga på sørsida. Gulen kommune høyrer til Helse Bergen. 

Ordføraren viser til at Gulen tidlegare har hatt den dårlegaste responstida i fylket etter Aurland, og det var innanfor eigen kommune. 

Ordføraren håpar å få Helse Førde til å komme på neste kommunestyremøte for å orientere om saka. 

Til toppen