– UAKSEPTABELT: Gro Starheimsæter (Sp), Jan Geir Solheim (Sp) og resten av formannskapet i Lærdal var tydelege på at dagens løysing med skuleskyss i Lærdal ikkje er god nok.
– UAKSEPTABELT: Gro Starheimsæter (Sp), Jan Geir Solheim (Sp) og resten av formannskapet i Lærdal var tydelege på at dagens løysing med skuleskyss i Lærdal ikkje er god nok. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Vil legga trykk på fylkeskommunen for å sikra skulebarna ein tryggare skuleskyss

– Medaljens bakside, kalla Gro Starheimsæter (Sp) det, men understrekar at det er ingen omkamp om skulestruktur.

Lærdal: Halvanna veke ut i det nye skuleåret har både folkevalde og tilsette i Lærdal kommune fått mange reaksjonar frå foreldre som sender ungane sine med skuleskyss til skulen på Lærdalsøyri.

I førre veke skreiv Porten.no om ei bekymra mor som fekk hjartet i halsen då barna måtte kryssa vegen for å koma seg på bussen. Slik er det fleire stader frå Ljøsne skule og nedover dalen etter at den nemnde skulen vart bestemt nedlagt i fjor. 

Ikkje nok med det. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) fortel at han har fått tilbakemeldingar om skulebarn som brukar 55 minutt frå dei går ut døra til dei står på skuleplassen på Lærdalsøyri, ein tur som vanlegvis i bil vil ta rundt 10–15 minutt.

– Det er ikkje akseptabelt, seier Solheim.

– Bakvendt og idiotisk

Partikollega Starheimsæter kalla det medaljens bakside, men var klar på at dette ikkje var nokon omkamp om skulestruktur. Ho var sterkt imot nedlegginga av skulen. No meiner ho fylkeskommunen må rydda opp.

– Skyssen betyr mykje, og me sit utan påverknadskraft for dei me skal passa på, der det er nokon andre som sit lengre vekke, som bestemmer. Det er ein bakvendt og idiotisk måte å driva samfunnet på, seier ho, men opnar for at kommunen kan finansiera eit strakstiltak fram til ei løysing er på plass.

– Å gå langs ein sterkt trafikkert E16 er det ingen som gjer. Det er verken hyggeleg eller trygt. Skjer det nok her, så sliter eg. Det trur eg det er mange andre som gjer òg.

Ekstra buss

Dei folkevalde i Lærdal meiner fylkeskommunen har valt den rimelegaste løysinga og at det har ført til at mange barn må kryssa ein tungt trafikkert veg, både E16 og riksveg 5. 

– Politisk har me ikkje fått moglegheit til å påverke i prosessen. Nokre gonger må me stå opp og seie frå, seier Solheim, som ønskjer ein buss til for å sikre at ungane får stige på bussen på riktig side av vegen og at turen vert kortare.

I så fall vil det kosta pengar, og den rekninga vil kommunen no vurdera å ta for å få sett inn tiltaket med det same. I mellomtida skal det jobbast med å få meir fakta på bordet.

Til toppen