VIKTIG Å VERE MED: Kurt Jevnaker trur det er viktig at verksemder frå Årdal er med på Karrieremesse i Bergen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VIKTIG Å VERE MED: Kurt Jevnaker trur det er viktig at verksemder frå Årdal er med på Karrieremesse i Bergen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv)

Vil lokke arbeidskraft til Årdal på karrieremesse

Men leiar i Årdal Næringssamskipnad skulle ønska enda fleire bedrifter frå Årdal var med.

Neste veka pakkar fire bedrifter frå Årdal sekken og reiser på Framtidsfylket si Karrieremesse i Bergen. I år har rekordmange bedrifter meldt seg på, 77 i talet. Blant dei finn ein HMR Hydeq, Hydro, Sogn Opplæringskontor og Indre Sogn Sparebank.

– Dette er kjempespennande med veldig mange bedrifter. Det viser at dette er ein viktig arena. Det gjeld å visa at det skjer masse i Sogn og Fjordane og at det er ei framtid for ungdommar, spesielt i Indre Sogn, seier Anne Kauppi som er dagleg leiar i Sogn Opplæringskontor. 

Akkurat det meiner også styreleiar i Årdal Næringssamskipnad, Kurt Jevnaker, som også tek turen vestover for å støtte opp om verksemdene frå Årdal som skal dit.

Synleggjera eit mangfald

– Viss me kan synleggjera eit mangfald av næringslivet i Årdal, er det vår oppgåve. Det er viktig at bedrifter som Hydro er med, no som dei etter kvart har byrja å kome i rekrutteringsmodus igjen, seier Jevnaker til Porten.no.

Han skulle ønskje enda fleire såg marknadsføringseffekten av denne messa og meldte seg på. Gro Rukan, som er dagleg leiar i Framtidsfylket, seier det framleis ikkje er for seint. 

Indre Sogn Sparebank og Sogn Opplæringskontor har ikkje med seg konkrete stillingar til messa, men begge er opptekne av marknadsføringseffekten dette gir. Ei verksemd som har med seg ei stilling er HMR Hydeq.

Vil ha lokal arbeidskraft

Dei er opptekne av å få inn ein person som vil busetja seg i Årdal i lang tid framover.

– Me har i lengre tid søkt etter ein ingeniør, men fekk eigentleg ingen som var heilt det me var ute etter. Me veit av erfaring at ein kan søke via mange kanalar og få masse søkarar, men det er dei lokale som blir verande, seier Endre Røyrvik i HMR Hydeq.

– Det å satsa på lokale og folk med tilknytning til Årdal, viser seg er folk som i større grad blir i framtida viss ein gjer ting riktig og marknaden framleis er der. Me vil gå ut på den messa i Bergen med mål om å få tak i nokon frå Vestlandet og hovudsakleg Årdal, supplerer Anders Seim jr, dagleg leiar.

Aldrande arbeidsstand

Timinga for ei slik messe ser ut til å vera veldig god. Det er ingen tvil om at Årdal er avhengige av eksportbedriftene Hydro og Norsun, og når eksportindustrien er spådd lysare tider, kan det få svært så positive utslag i bygda. 

Ikkje nok med det, men arbeidsstanden i kommunen er også aldrande. Jevnaker trur denne utskiftinga hjå bedriftene kan komme brått og brutalt. Difor er det så viktig å visa seg fram no.

– Det er viktig å visa seg fram for ungdom som er under utdanning og synleggjera at det finst spennande og attraktive arbeidsplassar heime i Årdal, seier styreleiaren.

– Det ligg føre statistikk som viser at me har ei forgubbing av arbeidsstokken vår. Difor er det viktig at bedriftene kjem på bana no og viser seg fram for potensielle søkarar. Det skiftet kjem til å koma ganske brått og brutalt. Det er ein del som vil tre ut av arbeidslivet i laupet av kort tid.

På hugget

Og det er nettopp unge HMR Hydeq først og fremst no rettar seg mot.

– Eg trur at i Årdal har det vore lite nytilsetjing i seinare tid og alderen på arbeidsstanden går oppover, og det er eit av dei tinga me vil legge vekt på viss me kan velja. Me vil ha unge i staden for å tilsetja dei som er i andre enden, seier Seim jr.

– Slik sett er denne messa ein fin måte for oss å få marknadsført Årdal og HMR Hydeq i tillegg til å finna ein person. Kanskje me ikkje finn nokon, men då har me vist at me er på hugget slik at om tre eller fem år kan det vera at dei søker, legg Røyrvik til.

Til toppen