MELLOMLAGRING: Sunder Resirk AS har søkt om å få nytte det nye bygget dei har kjøpt til mellomlagring og handtering av avfall. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MELLOMLAGRING: Sunder Resirk AS har søkt om å få nytte det nye bygget dei har kjøpt til mellomlagring og handtering av avfall. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil mellomlagre avfall her

Sunde Resirk AS vil nytte det nykjøpte industribygget i Øvre Årdal til mellomlagring og handtering av avfall.

Øvre Årdal: Det går fram av ein søknad dei har sendt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 

I dag har selskapet løyve til å handtere avfall ved anlegga i Utladalen og på Kaupanger. I haust kjøpte dei det gamle HMR-bygget i Øvre Årdal nede ved Årdalsvatnet.

Dette bygget vart tidlegare nytta som mekanisk verkstad, og no har Sunde Resirk planar om å flytte noko av aktiviteten i Utladalen ned hit.

Mellom anna vil dei flytte papp-pressa ned hit på grunn av manglande lagerplass for råvarer og ferdigvarer under tak. Dei ønskjer også å flytte granuleringsmaskina som skil plast og metall i elektriske kablar og leidningar.

I tillegg vil dei nytte bygget som mellomlager for containerar med vindauge og impregnert trevirke som er klart for transport. Alle aktivitetar og lagring vil skje inne i bygget.

Saka er no lagt ut på høyring, der høyringsfristen er 4. januar.

Til toppen