KAN FORSVINNE: Golfbana i Lærdal kan vere historie. Grunneigaren treng nemleg området til sauebeite. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
KAN FORSVINNE: Golfbana i Lærdal kan vere historie. Grunneigaren treng nemleg området til sauebeite. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.

Vil nytte golfbana til sauebeite

Den einaste golfbana i Sogn kan snart vere historie. 

Ljøsne: NRK skriv onsdag at grunneigaren treng området til sauebeite og vil ikkje lenger ha golfarar på garden sin.

Golfbana på Ljøsne er den einaste i Sogn, og med det flate terrenget og tørre vêret er forholda ypperleg for golfing. 

Det er Elisabet Rumohr som eig garden og driv han i lag med mannen sin Frank Flatland. Ho seier dei treng meier plass til beite.

– Me ønskjer å satse som bønder. Me har gitt signal til klubben om at me vil avslutte kontrakten før tida, men me kjem til å gi golfklubben tid til å finne ut av ting først, seier ho til NRK.

Leiar i Lærdal Golfklubb, Lorentz Petter Lassius, tykkjer det er synd å miste bana.

– Eg tykkjer det er sørgeleg. Golf er ein folkesport i Lærdal og i Sogn. Bana er veldig populær. Eg skulle nesten ønske at kommunen hadde kome på bana og sikra ei ordning. Det er veldig synd om vi må vekk.

Til toppen