STRUKTURENDRING: Knut Arne Klingenberg (H) meiner Årdal Utvikling ikkje gjer ein god nok jobb med å bidra til folketalsvekst og vil involvere det private i større grad. Kurt Jevnaker (V) stiller seg bak forslaget. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STRUKTURENDRING: Knut Arne Klingenberg (H) meiner Årdal Utvikling ikkje gjer ein god nok jobb med å bidra til folketalsvekst og vil involvere det private i større grad. Kurt Jevnaker (V) stiller seg bak forslaget. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil omstrukturera næringsutviklinga i Årdal

– Tida er overmoden for alle parti å sjå på næringsutviklingsarbeidet til Årdal kommune, meiner Knut Arne Klingenberg (H).

Årdal: Den negative folketalsutviklinga må snuast. Det var samtlege fem parti som er representerte i finansutvalet i Årdal einige om då neste års kommunebudsjett vart drøfta tysdag. 

Søndag skreiv Porten.no at folketalet i Årdal har minka med 70 personar det siste året. Knut Arne Klingenberg i Høgre meiner Årdal Utvikling må ta sin del av skulda for at pila ikkje peiker motsett veg.

– Me opna møtet med å snakka om folketalsutvikling og næringsutvikling. Når me gjennom heile møtet ikkje er inne på dette i det heile, så fann eg grunnlag for å seia det eg har gått til val på. Me ønskjer omstrukturering av Årdal Utvikling, seier Klingenberg til Porten.no etter møtet.

Vil involvere dei private

Han avslutta tysdagens møte med å seia at tida er overmoden for å sjå næringsutviklingsarbeidet til kommunen og viser til folketalsutviklinga. 

– Ingenting tilseier at dette er godt nok når folketalet er som det er i dag. Det er ikkje kritikk av det me har i dag, men me kan gjera ting betre, sa han i møtet før han forklarar nærare til Porten.no.

– Det er ikkje berre det at Årdal Utvikling er ei stifting, men at ein må ta med dei private aktørane som gjerne vil bidra, og me kan henta ut masse godt for å gjera Årdal betre og sterkare. Dette har me sett i det offentlege lyset. Det har vore problem mellom Årdal Utvikling og næringssamskipnaden og lokale selskap, der dei går i strupen på kvarandre. Viser lite samhandling og null kommunikasjon, legg han til. 

– Verkemidla verkar ikkje

Kurt Jevnaker (V) seier han er glad for at Klingenberg tok opp saka og stilte seg bak Høgre-politikaren.

– I Venstre var me tydelege på å kopla offentleg og privat kapital for å betre trykk på det som er utfordring nummer éin – å skape fleire arbeidsplassar. Folketalet går i feil retning, og eg har sjølv sete i selskapet (Årdal Utvikling journ. anm.). Ut frå føresetnadene gjer dei ein god jobb, men eg innser at dei verkemidla me har brukt dei siste ti åra ikkje verkar, seier han.

– Men er det ikkje de politikarar som diskuterer og vedtar handlingsplanane næringsselskapet jobbar etter?

– Eit av dei viktigaste bestillingsverka i strategisk næringsplan er eit overordna mål om å snu folketalsutviklinga. Det er kanskje det viktigaste me som politikarar skal vera opptekne av. Det klarar ikkje tiltaksapparatet å levere på per i dag. Ein skal ikkje ansvarleggjere dei åleine på det, men på det området kan ein få meir ut av kronene som blir brukt, svarar Jevnaker.

Peikar oss ikkje ut

Marie-Helene Hollevik Brandsdal seier ho ikkje vil vere like bombastisk i si vurdering av arbeidet til Årdal Utvikling.

Sidan 2008 har folketalet i Årdal aldri vore så lågt, medan for fylket har det gått noko opp frå i fjor til i år, men det er først og fremst i fylkessentrum som Sogn og Førde.

– Folketalet har vore synkande i heile fylket, og dette er ikkje særskilt for Årdal. Det har gått opp og ned, og me peikar oss ikkje ut. 

Vil vurdere kommunens eigarskap

Medan ho sa dette sat Aleksander Øren Heen (Sp) på motsett side av bordet og rista på hovudet og peikte på at folketalet i Sogn og Fjordane har tvert om auka. Senterparti-politikaren meiner kommunen, i tillegg til å sjå på næringsarbeidet, også burde vurdere eigarskapet sitt i diverse selskap.

– Eg meiner at me burde sende ut ei eigarskapsmelding, der me vurderer føremålet med eigarskapet, kvifor me er eigar, om me skal vera det og eventuelt korleis me skal trekkje oss ut, samt definere kva selskap det kan vera aktuelt å gå inn i. 

– På vegne av Senterpartiet vil eg be om at det blir lagt til rette for ei slik skal med grundig gjennomgang av dette etter budsjettbehandlinga for å sjå om vårt eigarskap når dei målsettingane me har som kommune, seier han. 

Til toppen