Årdal: Ras og snø skal no fjernast slik at Tindevegen kan opnast i slutten av april.
– På lustrasida har det gått eit ras som me må grava oss gjennom. Men eg har trua på at me blir ferdige i løpet av ei god veka, seier Eldegard.
Vegen skal vere opna til eit årleg arrangement som varar frå 28. april til 1. mai.
Brøyter begge veger
Det har blitt leigd inn entreprenørar på begge sider av Jotunheimen til å komma i mål med brøytinga i tide. Vegen mellom Turtagrø og Årdal er 32 kilometer lang.
– Sjølvsagt kjem det an på vêrforholda, men dei siste åra har vegen vore oppe til arrangementet. Eg kan ikkje veta om me lykkast, seier Eldegard.
Tindevegen vegstrekninga gjer også at bilistar kan ta seg ferjefritt mellom Bergen og Trondheim.
– I fjor var det ekstremt dårleg vêr, medan i år er det eit meir normalt år. Me kjem til å starte i små etappar, før dei fresar for fullt i neste veka, seier Eldegard.