TETT OPPSYN: Bølgjer frå båttrafikken fører truleg til utvasking av strandlinja langs Nærøyfjorden. No ønskjer verdsarvstyret å kartleggje omfanget. Foto: arkiv.
TETT OPPSYN: Bølgjer frå båttrafikken fører truleg til utvasking av strandlinja langs Nærøyfjorden. No ønskjer verdsarvstyret å kartleggje omfanget. Foto: arkiv.

Vil overvake Nærøyfjorden

Verdsarvstyret i Nærøyfjorden ønskjer å kartleggje omfanget av utvasking og erosjon i strandsona.


(NPK): Forskingsmiljøet Uni Research Polytech seier til lokalavisa Aurlendingen at det truleg er bølgjer frå skip som er årsaka til problema. Dei føreslår å bruke kameraovervaking av visse punkt for å dokumentere omfanget.

For to år sidan konkluderte Statens naturoppsyn også med at båt- og skipstrafikken på verdsarvfjorden i indre Sogn fører til øydeleggingar og erosjon, fortel NRK.

Til toppen