BRUVANSKAR: Å byggja bru er lettare sagt enn gjort. No har kommunestyret i Aurland bestemt seg for at ei bru over til Flåm skule skal plasserast innanfor dagens regulringsgrenser for å spare mest mogleg tid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BRUVANSKAR: Å byggja bru er lettare sagt enn gjort. No har kommunestyret i Aurland bestemt seg for at ei bru over til Flåm skule skal plasserast innanfor dagens regulringsgrenser for å spare mest mogleg tid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil plassere brua innanfor dagens reguleringsgrenser

Tida byrjar å bli knapp dersom ein skal få på plass ei ny bru ved Flåm skule før fristen for bruke skjønnsmidlane går ut.

Aurland: Torsdag vedtok kommunestyret etter framlegg frå Johannes Dalsbotten (H) at dei ikkje vil plassere brua utanfor gjeldande reguleringsgrenser. 

Det betyr at reguleringsplanen ikkje treng endrast, men ein må gjere noko med føremålet for området der brua skal leggjast – truleg nokre meter oppover elva frå der dagens bru ligg.

Samstundes tikkar klokka for kommunen som har inntil 15. mars 2019 å bruke skjønnsmidlane dei fekk etter flaumen. 

– Den raskaste måten å få dette gjort på er å flytta brua innanfor reguleringsgrensene. Ei mindre reguleringsendring er delegert til administrasjonen, og då slepp ein full høyringsrunde att. Går ein utanfor dei grensene, vil dette dra ut i tid, sa Dalsbotten. 

Vanskeleg

Næraste naboen til brua vil ikkje avstå grunn til ny køyreveg frivillig, og det betyr at kommunen må ty til omreigning for å sikre seg arealet som må til. Byggjestart ligg då an til å bli november 2018 – noko før er urealistisk. Årsaka er at ein skal drive med arbeidet når elva er på sitt lågaste.

I formannskapet ønskte dei folkevalde å flytte brua 10-15 meter nedover elva, men no skal ein sjå på moglegheita for å leggje brua oppover elva i staden. I tillegg vil dei sikre at Flåmsdalsvegen ikkje vert stengt i byggjeperioden.

– Det er totalt umogleg å stengja vegen i 5-6 månader. Alternativet er å byggja ein arbeidsplattform i elva, men det er heller ikkje ønskeleg. Det er rett og slett frykteleg vanskeleg å byggja innanfor det området som er regulert til bru, konstaterte Høgre-politikaren.

Anders Fretheim (MDG) ser ikkje heilt behovet for ei køyrebru og fremja forslag om ei gang- og sykkelbru, eit forslag som fall, fordi det ligg føre opplysningar som seier at ein grunneigar har tinglyst vegrett for traktor i området. 

Til toppen