Vil politimelda hærverk

Vil politimelda hærverk

I natt har nokon hatt det moro med å driva hærverk i sentrum på Årdalstangen.

Eigar og drivar av S.Dahl Berge, Mekonomen Bilverkstad og Best Bensinstasjon, Michael Zerbst, har sendt nokre bilete frå området.

- Eg tok desse bileta her, men eg veit at det også gjekk ut over nokre kommunale søppelspann nedover mot sentrum. Eg har ikkje fått sjekka andre stader i bygda enno, seier Zerbst til Porten.no

Han er temmeleg irritert, og seier at viss gjerningspersonane ikkje melder seg straks, kjem han til å melda saka til politiet i morgon.

Zerbst er rimeleg sikker på at det er ein gjeng som har gjort dette, og at fleire er observerte.

 

Til toppen