Regjeringa vil innføre ei ordning som gjer at dei registrerer alle som ikkje har auto-passbrikke, fordi dei meiner mange snik.
Regjeringa vil innføre ei ordning som gjer at dei registrerer alle som ikkje har auto-passbrikke, fordi dei meiner mange snik. (Foto: Pressefoto/Fjord1)

Vil registrere alle bilnummer på ferjene for å unngå sniking

Mange bilistar kan for tida reise gratis på ferjer, etter at billetkontrollane vart stoppa for å hindra smitte.

Sogn: Koronarestriksjonane gjer at Statens vegvesen og fleire av fylkeskommunane midlertidig har slutta med manuelt billettsal på ferjene for å unngå smitte.

Passasjerar utan Autopass-brikke vert oppfordra til å betala via app på førehand, men langt ifrå alle gjer det, melder NRK.

«Dette har ført til at ein god del av trafikantene reiser gratis med ferjene,» skriver Samferdselsdepartementet i eit forslag til midlertidig forskrift som vart sendt på høyring fredag.

For å begrensa inntektstapet for staten og fylkeskommunane, foreslår regjeringa ein midlertidig ordning der billetørane skannar etter noterer bilskilt.

Ulike metodar å registre

Departementet skriver at vil oppfattast som ein urimeleg forskjellsbehandling til ulempe for eigarar av køyretøy med brikke-avtale at dei resterande 30 % kan la vere å betala. 

Difor foreslår departementet no at ferjemannskapa midlertidig går over til å registrere alle køyretøy som ikkje har autopass, skriv NRK.

Trafikantar uten brikkeavtale vil kunne registrerast med ulike metodar og få faktura i etterkant.

  • Faste installasjonar for automatisk skiltgjenkjenning og automatisk lengdemåling med laser.
  • Handhaldne skiltlesarar.
  • På enkelte samband må billettøren i ein oppstartsfase taste kjennemerket inn manuelt.

 

Til toppen