OVER FYLKESGRENSA: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, ønskjer tettare samarbeid med Hemsedal og Vang, etter at intensjonsavtalane i Indre Sogn fall gjennom. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
OVER FYLKESGRENSA: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, ønskjer tettare samarbeid med Hemsedal og Vang, etter at intensjonsavtalane i Indre Sogn fall gjennom. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Vil samarbeida med Hemsedal og Vang

Lærdal står ufrivillig åleine etter at fleire avtalar om samanslåingar vart brotne. No ser kommunen over fylkesgrensa for nye og sterkare samarbeidspartnarar. 

Lærdal: Både ideen om ein storkommune i Sogn og samanslåing mellom Aurland, Lærdal og Årdal, vart til slutt ikkje noko av.

No inviterer ordføraren i Lærdal næringssjefar og formannskapa i Hemsedal og Vang til møte, for å diskutera tettare samarbeid på tvers av fylkesgrensa. 

Ufrivillig ugift

Kommunestyret i Lærdal har tidlegare vedteke å forhandla på to frontar i saka om kommunereforma. Det eine alternativet var ein storkommune i Sogn, medan det andre var ei samanslåing mellom Aurland, Lærdal og Årdal. 

- Vi har prøvd, men står no ufrivillig ugift då desse forhandlingane blei brotne. Ingen har teke kontakt med oss etter at forhandlingane ikkje vart noko av. Då er det vanskeleg å gjere noko med situasjonen, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal til Porten.no. 

Frå statleg hald har kommunane frist til å fatte vedtak om framtidig kommunestuktur til utgangen av juni 2016. 

- Vi rekkjer ikkje å gå inn i nye forhandlingar eller gjere utgreiingar om nye intensjonsavtalar før fristen. Årdal og Lærdal har same problemet, seier Solheim. 

Les også: Ufrivillig ute av kommune-kabalen

Det vert med andre ord ingen folkerøystning om samanslåing i Lærdal. 

- Lærdal og Årdal er ikkje reelt

Ordføraren seier at ei samanslåing mellom Årdal og Lærdal ikkje er reel av fleire grunnar. 

- Hovudgrunnen er at den samla kommunen vil bli for liten. Ein får ikkje tilført nye oppgåver. Det er ingenting nytt vi kan løyse som vi ikkje får løyst kvar for oss, seier Solheim. 

Han presiserar at Lærdal frå før av har eit godt samarbeid med nabokommunen og resten av regionen, som han også ønskjer å utvikle. 

- Vi har vore i samtalar med kommunane i Vang og Hemsedal. Dei har heller ikkje nokre planar for å slå seg saman med andre kommunar, men dei ønskjer eit auka samarbeid med Lærdal, seier Solheim. 

I dei kommande vekene skal formannskapa og næringslivssjefane i dei to kommunane vitja Lærdal for å ta ein prat om kva område dei tre kan knytte sterkare samarbeid på. 

 

Til toppen