TATAKI-KONTOR: Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, har tru på å samla tilhøyrande funksjonar på rådhuset i Lærdal for å gi folk den hjelpa dei treng. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
TATAKI-KONTOR: Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, Arve Tokvam, har tru på å samla tilhøyrande funksjonar på rådhuset i Lærdal for å gi folk den hjelpa dei treng. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Vil samle aktørar på rådhuset og gi folk hjelpa dei treng

Arve Tokvam har trua på eit «Tataki-kontor» i 1. etasje på rådhuset i Lærdal.

Lærdal: Tanken er å samle relevante funksjonar i Lærdal på ein og same plassen i sentrum, der folk får den hjelpa og dei svara dei er på jakt etter.

Ideen kom i kjølvatnet av tettstadanalysen som vart gjort i Lærdal i 2015. Der vart det peikt på at Lærdal manglar eit tydeleg sentrum og ein klar møteplass. Då såg ein fort at området rundt rådhuset er ideelt for nettopp det.

– Då snakkar ein både om infrastrukturelle tiltak som endring av køyreretning og grøntareal, men også å skape ein møteplass der folk kan få svar og hjelp, forklarar Tokvam.

Eit kontor for alle

«Tataki» kjem av prosjektet som Lærdal Næringsutvikling no køyrer for å skape ein utviklingskultur i Lærdal etter at kommunen er ferdig med omstillingsperioden i mot slutten av 2018. Ved å samle funksjonar på denne måten, kan ein skape eit slags mini-Campus.

– Desse aktørane kan då hjelpa kvarandre lettare og knyta tettare kontakt, men ein vert også meir synleg og tilgjengeleg ut mot publikum.

– Kven er publikum?

– Det er alle. Tanken er at viss du kjem hit, så skal du få hjelp til det aller meste eller bli vist vidare. Det skal vere ei slags førstelineteneste. Mesteparten av spørsmåla som kjem inn er generalistspørsmål som er enkelt å svara på, svarar Tokvam.

Samlar funksjonar

Han meiner det er naturleg at Lærdal Næringsutvikling er ein av funksjonane som sit i eit slikt fellesskap i staden for å sitja «vekkgøymd i ein 2. etasje». Ordførar, rådmann, servicetorget og ein del av NAV kan også ha sin plass her. 

– Ein må prøva seg litt fram og kanskje få på plass dei mest opplagte først. Me har ein del arrangement i Lærdal, så kanskje ein kan leige ut areal her også, seier han.

Til toppen